Tilflyttarstrategien er klar!

bilde

På Bømlakonferansen 2023 vart tilflyttarstrategien for Bømlo lagt fram til dei omlag 190 frammøtte i Bømlo kulturhus. Arbeidet starta like over nyttår, og er no klart. Det er stadsutviklingsselskapet LÈVA Urban Design som har laga strategien, på oppdrag frå Bømlo Næringsråd. 36 lokale bedrifter har finansiert arbeidet, då dei ser på det å få fleire tilflyttarar til kommunen, som noko av det viktigaste arbeidet framover for å sikre nok kompetanse til bedriftene våre.

Tilflyttarstrategien er open for alle, og kan lesast her: https://www.tilflyttarstrategi.no/

Sjå alle nyhende