Hero image

Medlem

Wärtsilä Norway

Type of attraction icon
Type of attraction icon

Me gjer deg tryggleik for at verkstadsopphaldet blir som forventa, og at liggetida blir redusert til eit minimum! Wärtsilä er verdas største leverandør av kraftløysningar til marine- og energimarknadane, og service retta mot shipping- og offshorenæringa. Vår portefølje dekker reservedelar, vedlikehald, teknisk støtte, oppgraderingar, ombyggingar og langsiktige serviceavtalar. Vår attraktive verkstad på Rubbestadneset har tilsette med brei kompetanse og erfaring innan mekaniske fag, og tenestene inkluderer in-situ maskinering, oppgraderingar, vedlikehald, lasermålingar og opprettingar, og overhaling og optimalisering av propellar og thrustarar. I tillegg har me eit stort fagmiljø innan elektro- og automasjon på Stord, og støttar kundane våre på optimalisering og fornying av framdrifts- og elektro-/automasjonssystem.

Kategoriar
maritim
olje og gass
NMEC
framdrift
Taggar
kraftløysingar