Næringslivet på Bømlo lagar tilflyttarstrategi

bilde
Foto: Cecilie Tingvoll Hope. Aslaug Tveit frå LÉVA Urban Design er opprinneleg frå Langevåg. Her held ho foredrag på Bømlo Næringsråd sin konferanse 9. november i fjor.

Å få tak i nok og rett kompetanse er ei av dei store utfordringane til næringslivet på Bømlo. – Dette er eit problem mange av våre medlemsbedrifter har, og no går næringsaktørar saman for å lage ein felles plan for å få fleire tilflyttar til kommunen vår framover, fortel dagleg leiar Nina Ingvaldsen i Bømlo Næringsråd.

SSB sine framskrivingar peikar på at fleire og fleire trekkjer mot dei store byane, og færre vil bu på bygda. Situasjonen er den same på Bømlo. Om SSB får rett i sine framskrivingar, vil folketalet gå nedover fram mot 2050, og det blir færre innbyggjarar i yrkesaktiv alder.

- Bømlo har alle føresetnader til å motverke SSB sine framskrivingar, og me må jobbe strukturert og målretta med dei rette tinga for å fleire til å flytte hit, fortel Ingvaldsen. – Difor har me gjennom møter med stadutviklingsselskapet LÉVA Urban Design kome fram til at me skal lage ein tilflyttarstrategi for Bømlo, som peikar på kva me må gjere for at Bømlo blir ein stad fleire ønskjer å busette seg.

Kva er ein tilflyttarstrategi?

- Først må eg seie, at å lage tilflyttarstrategi på den måten me no gjer det på Bømlo, er det ingen som har gjort før, fortel dagleg leiar Aslaug Tveit i LÉVA Urban Design. – Men kort fortalt tek me utgangspunkt i prinsippa i frå arbeid med reiselivs- og destinasjonsutvikling, og omset desse til arbeid med tilflytting.

Tilflyttarstrategien blir utarbeida basert på analyse av eksisterande kunnskapsgrunnlag og forskingsmateriale om busettingstrendar og flyttemønster, i tillegg til informasjon frå ei brei kartlegging blant innbyggjarar i kommunen, og moglege framtidige innbyggjarar. Svara frå kartlegginga vil, saman med analyse av forskingsmateriell, brukast til å mellom anna definere prosjekt som vil auke attraktiviteten til Bømlo som stad å bu.

Bømlo Næringsråd tek eigarskapet

Bømlo Næringsråd, med langt over 200 medlemsbedrifter, har teke eit samla eigarskap til den overordna tilflyttarstrategien, som skal vere med å peike på dei rette tinga som skal sikre kompetanse til næringslivet i åra framover.

- Me kjem til å sende ut ei kartlegging like før påske, og treng svar frå alle som kjenner tilknyting til Bømlo. Enten om ein bur her eller bur vekke, og uansett alder, fortel Mari Pedersen Totland, som er prosjektleiar i næringsrådet. - Me håpar innbyggjarane i kommunen kan ta seg tida til å svare, og ikkje minst vidaresende til alle dei kjenner som har flytta frå denne flotte øya.

Starten på eit større arbeid over heile øya

– Det er i gang initiativ både i kommunesenter og delsenter, der ein no gjer arbeid som vil knytte seg opp mot funn i den overordna tilflyttarstrategien, fortel Aslaug Tveit vidare. - På denne måten vil ein kunne jobbe lokalt med å utvikle dei ulike bygdene i kommunen, samstundes som ein drar i lag ved å forankre arbeidet i den overordna strategien for Bømlo. Og me legg opp til mykje involvering av innbyggjarar i desse lokale prosessane, og vil byggje vidare på det gode arbeidet som er gjort tidlegare.

- Bømlo er med alle sine øyar, bygder, delsenter og kommunesenter ei heilt fantastisk øy, og ein flott kommune å bu og leve i. I tillegg er her driftige og engasjerte folk, og eit rikt og variert arbeidsliv med gode karrieremoglegheiter. Me må få denne bodskapen fram til fleire, tidleg nok, slik at fleire vel Bømlo som stad å bu framover. På denne måten bidrar me til alt frå å styrkje skulane våre, til Sunnhordland som felles bu- og arbeidsregion, seier Ingvaldsen til sist.

Desse er med og finansierer tilflyttarstrategien

- Å lage ein slik tilflyttarstrategi, ligg utanfor dei oppgåvene ein kommune skal levere på. Difor var me heilt avhengig av at næringslivet er med og finansierer arbeidet, fortel dagleg leiar Nina Ingvaldsen i Bømlo Næringsråd. Bedriftene som er med og finansierer arbeidet, ser på dette som ein del av sin eigen strategi for å sikre kompetanse til bedrifter dei eig eller driv:

  • Bremnes Seashore
  • Bømlo Skipsservice
  • Bømmelfjord
  • Eidesvik Invest
  • Eidesvik Offshore
  • Evik
  • Finnås Kraftlag
  • Fremskridt Laks
  • Fylkesnes Fisk
  • Haugesund Sparebank
  • Langevåg Bygdatun
  • NMEC (https://www.rubbestadneset.no/industriklynga)
  • Nora Invest
  • Sparebanken Vest
  • Wärtsilä

- I tillegg bidrar LÉVA Urban Design med ein stor del eigeninnsats i prosjektet, og Stiftelsen Espevær Assuranseforening bidreg med midlar. I tillegg har me inne ein søknad hos Sparebanken Vest, som me håpar går gjennom. Me vil rette ein stor takk til alle som er med og bidrar!

Sjå alle nyhende