Hordfast er viktig for næringslivet på Bømlo

bilde
Foto: Frå venstre: Ragnfrid Sønstabø (Varaordførar), Morten Helland (Ordførar), Jakob Særsten (LOS Gruppen), Are Matthiesen (Siemens Energy), Eli Furnes (Siemens Energy), Øyvind Halleraker (Hordfast), Nina Ingvaldsen (Bømlo Næringsråd), Hans Petter Nesse (Wärtsilä) og Simon Nesse Økland (Bremnes Seashore)

Måndag 2. april samla leiarar i fleire av dei største bedriftene på Bømlo seg på Rådhuset, for å diskutere ulike saker som påverkar rammevilkår, vekst og utvikling. Hordfast var ei sakene som vart diskutert, og kva me kan gjere saman for å få fram behovet for ein større bu- og arbeidsregione på Vestlandet.

I møtet vart me samde om å lage eit høyringssvar til Nasjonalt transportplan (NTP), og høyringsuttalen vart sendt fredag ettermiddag. Under kan du lese kvifor næringslivet meiner det er viktig at Hordfast vert ein realitet.

Næringslivet treng nasjonale signal for å trygge vidare satsingar - Hordfast inn i NTP!

I 2013 vart det vedteke å gjere Vestlandet ferjefritt, og Hordfast var ein sentral del av løysinga. Næringslivet på Bømlo vart glade, og såg mange moglegheiter når bu- og arbeidsmarknaden på Vestlandet no skulle få langt større geografisk utstrekning enn i dag. Sidan den gong har næringslivet planlagt og satsa basert på forventninga om ferjefritt Vestland, både sørover og nordover. No endrar Regjeringa rammevilkåra bedriftene våre har spela etter i over 10 år, og næringslivet er uroa over konsekvensane fram i tid.

Bedriftene på Bømlo er både lokale, internasjonale, innovative og framtidsretta, og me har alt frå verdsleiande teknologi innan grøn skipsfart til verdas beste laks. Historisk har me ikkje vore vane med dei største overføringane frå samferdselsbudsjettet til Staten eller det offentlege, og mange av suksesshistoriane me har i næringslivet, er difor resultatet av framoverlente lokale bedriftseigarar som har etablert kraftselskap, og forskottert kostnader på alt frå vegstrekningar til fiskerihamner. Men me har òg dømer på store, statleg finansierte prosjekt som har gagna næringslivet vårt i stor grad. I 2001 opna Trekantsambandet, som gjorde kommunen vår landfast, og gav oss infrastruktur til å utvikle kommunen og regionen vidare. Sambandet vart nedbetalt før tida, og har vore ein stor suksessfaktor for veksten i lokalt næringsliv. Infrastrukturen har hatt store, positive ringverknader for næringslivet vårt, og er ein av grunnane til at næringslivet på Bømlo eksportere varer og tenester for 4 milliardar kroner i 2023.

Når det kjem til arbeidskraft, er utfordringa at flyttemønster i dag fører til auka sentralisering. Så det å gjere attraktive arbeidsplassar på Bømlo og Sunnhordland tilgjengeleg for ein arbeidsmarknad som strekkjer seg frå Bergen i nord til Stavanger i sør, er viktig for vidare vekst i bedriftene våre. Det er òg viktig for auka tilflytting til kommunen. For ein tilflyttar som får jobb her, treng gjerne ein jobb til ein til. Og med ein utvida jobbmarknad frå Bergen i nord til Stavanger i sør, vil dette opna opp for ein langt større jobbmarknad for å sikre jobb til to, og kanskje er det berre ein som treng å byte jobb når dei flyttar.

Hordfast er ikkje berre det mest lønnsame prosjektet å ha med i nasjonal transportplan. Det er det viktigaste signalet Stortinget kan sende Bømlo og Sunnhordland, for å vise at ein satsar og legg til rette for at me skal vere med å utvikle og styrkje Noreg i framtida òg. Slik gjer ein næringslivet rammevilkåra dei treng for å satse vidare her, i det som då vil vere midt i Noregs nest største bu- og arbeidsregion.

Sjå alle nyhende