Heim igjen 2022

bilde

22. desember arrangerte me «Heim igjen – Bømlo», eit treff der Bømlingar eller andre som ville bli betre kjend med næringslivet på Bømlo fekk møte lokale verksemder. 65 deltakarar og 15 verksemder møtte til ein førjulskveld på HiSio med god mat, korte innlegg frå nokre av verksemdene, nettverksbygging og hygge.

- Me har fått gode tilbakemeldingar på arrangementet både frå deltakarar og verksemder. Dette tyder på at det har vore eit behov for eit slikt arrangement. Me håpar at dette er det første av fleire liknande arrangement, og me er allereie i gang med å sjå på kva me kan få til vidare, fortel prosjektleiar Mari Pedersen Totland.

Mari hadde med seg Tove Sortland som ambassadør og medarrangør for kvelden, og dei to starta med ei innleiing om kvifor det er viktig å få på plass fleire arenaer der lokale bedrifter og Bømlingar kan knyta kontakt. Vidare heldt ordføraren vår Sammy Olsen ei velkomst der han prata om kor viktig det er at unge Bømlingar flyttar heim igjen. Nina Matre frå Bu i Sunnhordland var innom for å prate om planane dei har for å utvikle Sunnhordland som ein betre stad å bu. 

Mellom god mat og gode samtalar fekk sju av bedriftene nokre minutt til å fortelje kort om deira bedrift. Bremnes Seashore, Finnås Kraftlag, Siemens Energy, Greenitives Norway, Bømlo kommune, iteam og Wärtsilä fortalde om korleis det er å vera arbeidstakar i deira bedrift og kva muligheiter som finnes hjå dei.

Det offisielle programmet varte frå 19.00-20.30, og etterpå var det tid for mingling. Både deltakarar og bedrifter blei igjen på HiSio i fleire timar, og fleire gjekk heim med nye kontaktar. Dei mest ivrige deltakarane sat igjen til over midnatt.  

Dersom nokon har innspel til kva som er ynskjeleg at me drar i gong, kan ein sende e-post til Mari på mari@bomlonr.no

"Heim igjen - Bømlo" var eit samarbeid med Polaris Media Vest, som laga magasinet "Heim igjen" for Sunnhordland. Me takkar for lån av namnet. Ynskjer du å lese magasinet digitalt, kan du klikke deg inn her.

Sjå alle nyhende