Karrieremesse og panelsamtale om grøn omstilling

bilde

Onsdag var me i Bergen for å delta på Karrieremesse i regi av Framtidsfylket Vestland. Her deltok Mari Pedersen Totland på eit seminar med Grøn Region Vestland, og stod på stand saman med andre bedrifter frå Sunnhordland i regi av Bu i Sunnhordland.

Er Vestland ei ledestjerne innan grøn omstilling eller sit vi på gjerdet? Dette var tema for seminaret til Grøn Region Vestland, der Mari deltok som ein paneldeltakar for å fremje grøne arbeidsplassar i Sunnhordland og på Bømlo. -Sunnhordland er ein region med stor verdiskaping, noko som og fører til utslepp. Difor er det naturleg at næringslivet her også er i førarsetet for å redusere klimaavtrykket framover. Dette fører med seg grøne arbeidsplassar og stort behov for kompetanse, påpeika Mari.

I tillegg til å delta på seminar, hadde næringsrådet ein stand i "Sunnhordlandsgata" saman med andre bedrifter frå Sunnhordland, deriblant Bømlo Kommune og Wärtsilä. Der fekk me snakka med fleire studentar og nettverka med bedrifter i Sunnhordland og resten av Vestland fylke.

Alt i alt ein spanande dag, og ein fin arena til å marknadsføre Bømlo som bu- og arbeidsregion.

Sjå alle nyhende