Korleis lykkast på sosiale medium?

bilde

Onsdag 3. mai arrangerte me ei samling for handel, service og reiseliv på HSD-senteret med fokus på korleis ein kan lykkast på sosiale medium, trendar for 2023 samt litt informasjon om kvifor ein bør ha ein nettstad. Her kjem ei lita oppsummering.

Etter eit godt, asiatisk måltid på Kafe´dn i by´dn sat me oss til rette for å høyre på dyktige Jane Jünger, Kommunikasjonssjef i Wärtsilä Norway. Ho drog oss gjennom 13 tips til korleis å lykkast på sosiale medium, før ho til slutt presenterte ei hugseliste på kva som kjenneteiknar gode postar og innlegg.

Noko av det Jane peika på, var at det er viktig å tenke gjennom kven ein er og kva ein vil oppnå på sosiale medium. Det er viktig å finne si stemme, og skape eit heilskapeleg uttrykk. Fokuser på ekta, upolert innhald, og bruk gode bileter og videoar som skapar kjensler og treff i hjarta. Så er det kjekt å følge med på trendar og teste nye ting, men ein må heile tida evaluere kva som funkar og ikkje. Ein må og hugse på at sosiale medium er krevjande - ein må ha dedikerte ressursar til det, og bruke tid på å skape dialog og etablere relasjonar.

Etterpå heldt prosjektleiar i Næringsrådet, Mari Pedersen Totland, eit kort innlegg om engasjement på dei ulike kanalane, trendar for 2023 og litt om kvifor det er viktig å ha ein nettstad. Dei fleste har kanskje høyrt at TikTok er i vinden, men er det verkeleg noko for alle? Er dei unge fortsatt på Facebook, eller er det eit døande medium? Kva skil nettstaden frå andre sosiale medium?

Digital marknadsføring er eit eige fag, og det er ikkje enkelt å oppnå suksess på sosiale medium. Mari påpeika at dersom ein ikkje har kompetanse, kapasitet og innhald til å skape ein god kanal, burde ein heller la vera. Ikkje lag ein instagramkonto berre fordi du har høyrt at det er her ein må vera. Ein dårleg instagramkonto er verre enn å ikkje ha ein i det heile tatt. Så er det kanskje lurt å mestre ein kanal først, før ein begir seg ut på neste. Då har ein meir erfaring rundt kva som trengs for å lykkast.

Gjekk du glipp av samlinga og ønskjer å høyre meir om dette tema, kan du ta kontakt med Mari på mari@bomlonr.no for ein prat.

Takk til HSD som stilte med lokale. Me kjem gjerne att :-)

Sjå alle nyhende