Næringsminister Jan Christian Vestre på besøk

bilde

Søndag og måndag 6. - 7. august vitja næringsminister Jan Christian Vestre (AP) Bømlo for å bli betre kjend med næringslivet vårt.

Saman med fylkesordførarkandidat Stian Jean Opedal Davies (AP), partisekretær i fylket Stig Morten Frøiland (AP) og ordførarkandidat Bømlo Thomas Kråkevik-Liaøy (AP) starta ministeren besøket på søndag hjå Bremnes Seashore i Øklandsvågen. Der fekk dei ei omvising på anlegget, før turen gjekk vidare i ein heilelektrisk katamaran frå Fylkesnes Fisk til Kulleseidkanalen. Om bord på båten fekk ministeren møte Simon Nesse Økland (Bremnes Seashore), Erik Fylkesnes (Fylkesnes Fisk), Torleif Stokke (Fremskridt Laks) og Lars Magne Eidesvik (Eidesvik Havfiske). På turen fekk dei snakka om det dei hadde på hjarta innan havbruk, skattlegging, investeringar, moglegheiter og framtida for næringa deira. Næringsministeren fekk vitja eit oppdrettsanlegg og læra meir om fiskeoppdrett, og viste engasjement gjennom gode spørsmål og refleksjonar.  

Vel framme på Kulleseidkanalen var fleire frå næringslivet på plass. Margrethe Simonsen Hope (dagleg leiar Kulleseidkanalen Gjestehamn) tok i mot gjestene og fortalte litt om historia til Kulleseidkanalen. Dagleg leiar i Bømlo Næringsråd Nina Ingvaldsen ønska velkommen før dagleg leiar i Geopark Sunnhordland, Brynjar Stautland, presenterte industrihistoria Bømlo på 10 minutt.  

Dagleg leiar i Olvondo Technology, Stefano Vittor, fekk fortald om den industrielle varmepumpa dei har utvikla, planane deira for vidare vekst og peika på fleire forbetringspunkt i verkemiddelapparatet for å støtte opp om teknologiprosjekt som deira.  

Administrerande direktør i Finnås Kraftlag og Bømlo Kraftnett, Tor Bjarne Smedsrud, fekk orientert om kraftsituasjonen og understreka behovet me har på Bømlo om meir effekt i åra som kjem. Han var tydeleg på at det er bregrensa kva ein kan gjere lokalt for å løyse utfordringane – det er Statnett som må på banen. Smedsrud addresserte òg manglar i straumstøtteordninga til næringslivet, og utfordringar dei har for å få levert fastpriskontraktar til næringslivet.

Til sist fortalde CEO Gitte Gard Talmo i Eidesvik Offshore ASA om korleis dei har arbeida i ei årrekkje med å gjere skipsflåta si grønare, og ikkje minst prosjekta dei har gåande no, og oppmoda sterkt å få fortgang i arbeidet med å få på plass naudsynte fond, verkemiddel og infrastruktur for å få fortgang i arbeidet mot ein utsleppsfri skipsfart. 

Wärtsilä var òg inviteret til å delta denne kvelden, men vart forhindra frå å delta.

Måndag var næringsministeren og følgjet hans, samt ein gjeng frå Bømlo Arbeiderparti, på besøk hjå fleire bedrifter for å treffe fleire frå industrien på Bømlo. Først ut var Siemens Energy, der plassjef Are Matthiesen, produksjonssjef Morten Åge Skjellevik, og ingeniøransvarleg Kjetil Haldorsen, fortalde om historia til bedrifta og produksjonen deira på Ternetangen. Etterpå fekk me ei omvisning nede i produksjonshallen, der næringsministeren fekk sjå produksjonen i praksis og helse på dei mange medarbeidarane som var på plass.

Vidare gjekk turen til Rubbestadneset industripark. Her fekk næringsministeren først møte Zinus, som viste fram og fortalde om landstraums- og ladeløysingane dei har utvikla.

Etter møtet med Zinus, gjekk turen vidare inn på området til Wärtsilä og LOS Marine. Her fekk næringsministeren ein omvisning hos LOS Marine og maskineringsverkstaden der, kor han òg fekk helse på fleire tilsette.

Turen vart avslutta med eit besøk ut til Tubliah AS sitt oppdrettsanlegg for kveite. Næringsministeren og følgjet hans vart henta i båt på kaien til Wärtsilä, og levert tilbake til hurtigbåtkaien på Rubbestadneset der han skulle ta hurtigbåten til Flesland for å reise vidare med fly.

Det vart eit svært innhaldsrik besøk, og næringsministeren lytta aktivt til kva næringslivet hadde å seie, og stilte gode avklarande spørsmål. Han var og interessert i å høyre korleis løysingane som regjeringa har lagt fram på ulike områder fungerer i praksis i næringslivet, og skreiv ivrig ned tilbakemeldingane som kom. Han lova å gjere heimeleksa si og følgje opp fleire av innspela. 

Sjå alle nyhende