Pangstart for Bedriftsmangekampen

bilde

Onsdag denne veka var det duka for oppstart av det nye konseptet Bedriftsmangekamp, på initativ av U37 Bømlo. Heile 60 deltakarar i alle aldrar, samt fleire som kom for å heie, var samla på Rubbestadneset Frisbeepark for å gjennomføre sesongens første øvelse i Frisbeegolf.

Totalt 12 lag frå 9 ulike bedrifter er påmeldt prøvesesongen i Bedriftsmangekamp:

  • Steinsbø Hus
  • Kr. Steinsbø XL Bygg - "Proffane"
  • Finnås Kraftlag - "Kraftlaget"
  • Fremskridt laks - "Allslaks"
  • Bømlo Brann og Redning
  • Teca - "Aage's disipler"
  • Teca - "Christer's disipler"
  • Trapperingen B. Innvær
  • Los Elektro - "Los tacos"
  • Los Elektro - "Avdanka"
  • Wärtsila 1
  • Wärtsila 2

I første av 4 øvelsar i denne prøvesesongen, skulle alle deltakarane kaste seg gjennom banens 9 hol. Kvart lag var representert ved 5 deltakarar, og alle på laget sine kast vart så lagt saman til å utgjere lagets totale score. Det var tydeleg at nokre hadde spelt mykje frisbeegolf, medan andre aldri hadde spelt før. Viktigast var det likevel at ein fekk ha det kjekt i saman med både kollegar og folk i frå andre bedrifter.

Det vart jamnt i toppen, men til slutt var det det eine laget til Los Elektro, "Avdanka", som stakk av med sigeren foran Wärtsilä 2. På tredjeplass hamna Bømlo Brann og Redning. Me gratulerer til pallen med ein god start på sesongen, og ser allereie fram til neste øvelse.

Styringsgruppa i U37 v/Joakim Tverborgvik (Steinsbø Hus) og Mari Pedersen Totland (Bømlo Næringsråd) står i spissen for ligaen, og seier at påmeldinga til denne prøvesesongen var over all forventning. - Me tenkte først på å starte ein fotball-liga, men då vert det fort ein liga kun for dei som er gode i fotball. Med ein mangekampliga der me har ulike øvelsar håpar me at me treff enno fleire, og at fleire skal kunne kjenne meistring. Me tilpassar øvelsar slik at ein skal kunne delta uavhengig av alder og fysisk nivå, seier Joakim og Mari.

Neste øvelse går av stabelen 24. april, og då står orientering på planen. Dette blir ein spanande øvelse der fleire faktorar kan verta avgjerande! Det er ikkje sikkert det lønnar seg å gå fort, om ein går feil veg...

Sjå alle nyhende