Erna Solberg på besøk hos Wärtsilä og LOS-gruppen

bilde
Foto: Fra V; Liv Kari Eskeland, Silja Ekeland Bjørkly, Hans Petter Nesse, Erna Solberg, Morten Helland, Jakob Særsten og Ragnfrid Sønstabø. Foto; Tora Hodneland Kildehaug

Måndag fekk Wärtsilä og LOS-gruppen besøk av stortingsrepresentant Erna Solberg. Ho sit i utanriks- og forsvarskomiteen,og ville høyra meir om kva som rører seg i maritim næring , og om korleis me kan ta vare på og byggja vidare på den sterke industrikompetansen i regionen, i ei tid med klimaomstilling, uro i verda og nye krav til beredskap.

Frå venstre; Stortingsvararepresentant og
styreleiar i Stord Næringsråd Liv Kari Eskeland (f.v), gruppeleiar Høgre i
Vestland fylkeskommune Silja Ekeland Bjørkly, Stortingsrepresentant Erna
Solberg, gruppeleiar i Bømlo Høgre Jørgen Søvold og dagleg leiar i Bømlo Næringsråd
og varaordførar Ragnfrid Sønstabø hadde gode samtalar om næringsutvikling under
møtet i Rubbestadneset .Foto;T
ora Hodneland Kildehaug.

Etter møtet i Rubbestadneset gjekk turenvidare til Stord og fleire møte med politiske og næringspolitiske aktørar i regionen. På Rubbestadneset vart Solberg og følgjet  møtt av dagleg leiar i Bømlo Næringsråd og varaordførar Ragnfrid Sønstabø som hadde invitert ho til Bømlo, saman med ordførar Morten Helland, og ledelsen i Wartsila og LOS gruppen. Ordførar Morten Helland heldt ein flott presentasjon som løfta fram breidda og styrken i næringslivet på Bømlo. På fleire område er verksemdene her heilt i toppen innan maritim og marin sektor og dei er med og dreg Vestlandet framover i det grøne skiftet.

Skal du bli verdsleiande, må du ta vare på kompetansen og satsa på utdanning og lærlingplassar. Utan det er du ingenting, sa konsernsjef Jakob Særsten. Han fortalde om historia til LOS-gruppen og kva utfordringar dei ser framover. Bodskapen var klar: Me må
våga å satsa, både i næringslivet og i politikken, slik at infrastruktur og rammevilkår spelar på lag. Der meinte Særsten at utan trekantsambandet og satsinga på infrastruktur i kommunen vår, så hadde ikkje LOS-gruppen vært så stor som den er i dag.

Klima, teknologi og beredskap

I samtalane kom dei innom både nyteknologi, grøn omstilling, forsyningstryggleik og korleis næringsutvikling heng saman med nasjonal beredskap. Salssjef Torgeir Sørvik viste mellom anna kor tett klimapolitikk, næringspolitikk og beredskap er kopla.

Det er framleis høg aktivitet innan olje og gass, men næringa vil endra seg over tid. Difor peika fleire på at ei føreseieleg og langsiktig klimapolitikk er viktig,då får industrien tryggare rammer for å investera, finna nye løysingar og halda konkurransekrafta oppe.

Den maritime næringa i regionen sit på både kompetanse og teknologi som kan gi store utsleppskutt – og samstundes styrkja beredskapen. Dette vart òg ein del av praten om Forsvaret si planlagde satsing på nye fartøy.

Kraft og industriell utvikling

Kraft var òg eit viktig tema,både tilgang på straum og kapasitet i nettet. Norsk kraftelektronikk er i verdstoppen, og mykje av denne kompetansen ligg på Vestlandet og i Sunnhordland. Her var dei tydelege på at me må halda trykket oppe, om me skal
behalda forspranget i ein marknad der konkurransen blir tøffare.

Kritisk kompetanse for framtida

Behovet for meir berekraftige løysingar innan skipsfart, tenester og industri vart løfta fram som avgjerande,både for verdiskaping, arbeidsplassar og for å sikra at me har den kritiske kompetansen me treng i åra som kjem.

Næringane må sjølve ta tak og visa kva kompetanse dei treng framover. Fylkeskommunen vil gjera sitt for å tilpassa yrkesfag og vidaregåande opplæring, men det må henga saman: Behova i næringslivet må matcha utdanningsvegane, understreka Silja Ekeland Bjørkly, fylkesleiar i Vestland Høgre, og gruppeleiar for Vestland Høgre som sit i hovudutval for opplæring og kompetanse.

Særsten meinte mykje allereie ligg tilrette: Både infrastrukturen og kompetansen er på plass i regionen. Her ligg det godt til rette for å etablera og lukkast med industri, både på Bømlo og i Sunnhordland. Kompetansenfinst her, og det må me ta vare på. Difor har me i LOS-gruppen alltid satsa tungt på lærlingar, og på å følgja dei heile vegen frå skule til fagarbeidar, sa han,(LOS- gruppen har ca 70 lærlingar).

Behov for langsiktige rammer

Det vart òg peikt på at mykje grøn teknologi allereie finst,men at vidare utvikling krev tett prat og samarbeid mellom næringsliv og styresmakter. Med gode og langsiktige rammer får verksemdene betre grunnlag for å planleggja, utvikla nye løysingar og vera med
og dra omstillinga vidare. Samarbeidet mellom Wärtsilä og Eidesvik vart trekt
fram som eit godt døme.

Møtet synte verdien av arenaer der politikarar og næringsliv kan dela erfaringar og løfta fram regionale behov. Slik blir det tydeleg kor tett klimaomstilling, næringsutvikling og beredskap heng saman – lokalt, nasjonalt og globalt.

Omstillinga som konkurransefortrinn

For verksemdene på Rubbestadneset handlar
omstilling ikkje berre om å møta nye krav – men om å skapa nye marknader. Når
den maritime kompetansen blir kopla med ny teknologi, som meir energieffektive
løysingar, digital overvaking og smartare drift og vedlikehald, kan regionen ta
ei endå tydelegare rolle. Det kan gi både lågare utslepp og sterkare
forsyningstryggleik.

Besøket vart ei påminning om at framtida til industrien på Bømlo og i Sunnhordland blir forma no av langsiktige rammer, nok kraft og tett samarbeid mellom næringsliv, skule og styresmakter. Skal me halda på posisjonen i verdstoppen, må me utvikla og ta i bruk ny
teknologi raskt. Samstundes må fleire unge få ein tydeleg veg inn i fag, lærlingløp og vidare spesialisering.

Fra venstre; Silja Ekeland Bjørkly, leiar av Vestland Høgre, Liv Kari Eskeland arbeidande styreleiar i Stord Næringsråd,samt stortingsvararepresentant (H), Stortingsrepresentant Erna Solberg(H), medlem av utenriks- og forsvarskomiteen på Stortinget, og Ragnfrid Sønstabø dagleg leiar i Bømlo Næringsråd og Varaordførar(H). Foto; Tora Hodneland Kildehaug.

Som leiar i Bømlo Næringsråd er det viktig å syne fram mogligheiter og utfordringar som næringslivet på Bømlo er oppteken av, for våre stortingspolitikerar. Tidlegare i vinter var Rune Bakervig (Ap), leiar av Hordalandsbenken og medlem av utenriks- og forsvarskomiteen på besøk. 18 mai vitjar Ruth Marian Hop (AP)Næringskomiteen og Solveig Vik (AP)miljø og energikomitteen, på besøk til Bømlo.