Solveig Vik(Ap) frå Energi og Miljøkomiteen vitja Bømlo

bilde
Foto: Besøk hos Nesseplast AS, frå v; Gruppeleiar i Ap, Mari P. Totland, Ordførar Morten Helland, Eigar Erling Nesse, dagleg leiar Frode Urang, Stortingsrepresentant Solveig Vik og Bømlo Nøringsråd med Ragnfrid Sønstabø

Kraftmangel, industriutvikling, samarbeid mellom vidaregåande skule og næringsliv og vidare utvikling av Bømlo Fiskerihamn stod på agendaen då stortingsrepresentant Solveig Vik (Ap) vitja Bømlo førre måndag.

Besøket gav Stortingsrepresentant Solveig Vik eit breitt innblikk i både moglegheitene og utfordringane for næringslivet på Bømlo. Gjennom møte med industri, skule og fiskerihamn vart særleg behovet for meir kraft, føreseielege rammevilkår og tettare samarbeid mellom utdanning og næringsliv løfta fram.

BN, ordførar Morten Helland og Bømlo Ap hadde invitert Vik til Bømlo for å gi henne betre kjennskap til næringslivet i kommunen. Første stopp var Nesseplast i Hollundsdalen.

Kraftmangel

Nesseplast på Bømlo ønskjer å byte ut gass med elektrisitet i produksjonen. Manglande
nettkapasitet og høge kostnader kan likevel gjere den grøne omstillinga både krevjande og tidkrevjande. Bedrifta har meldt inn eit behov på 10 MW for å kunne elektrifisere delar av produksjonen, og førebelse overslag viser at Nesseplast kan måtte betale nær 60 millionar kroner i anleggsbidrag for nødvendige tiltak i nettet. I tillegg kjem eigne investeringar på fabrikkområdet, som kan kome opp i rundt 40 millionar kroner.

60 millionar er veldig mykje pengar for oss. Og då kjem investeringane me sjølve må gjere i tillegg, seier eigar Erling Nesse.

Under besøket vart kraftsituasjonen løfta fram som ei av dei største utfordringane
for bedrifta. Sjølv om Nesseplast ønskjer å kutte bruken av fossil energi, kan
nok nettkapasitet tidlegast vere på plass i 2034. Dette vart stadfesta av administrerande
direktør Tor Bjarne Smedsrud i Finnås Kraftlag, som også deltok på møtet. Frå 2030 vert det strengare klimakrav, og det kan skape eit krevjande tidsgap dersom bedrifta ikkje får tilgang på straum før fleire år seinare. Ei mellombels løysing kan vere dispensasjon til vidare bruk av gass fram til nettet er klart. Solveig Vik seier saka viser kor viktig raskare nettilknyting er for distriktsbedrifter som ønskjer å omstille seg. Når det tek 10–15 år å få kopla seg til nettet, blir det vanskeleg for bedrifter å ta store investeringsavgjerder. Det kan gå ut over både arbeidsplassar og utviklinga av lokalsamfunna, seier ho. Nesseplast har rundt 20 tilsette på Bømlo og leverer mellom anna EPS-kassar til sjømatnæringa. Bedrifta blir trekt fram som eit døme på korleis manglande nettkapasitet kan bremse både grøn omstilling og vidare utvikling i regionen.

Kunnskapssmio

Rektor ved Bømlo vidaregåande skule, Tor Inge Kaldstad, tok imot følgjet på Kunnskapssmio i Rubbestadneset, der dei fekk omvising og ei grundig orientering. Bømlo vgs. har i år om lag 400 elevar, fordelte mellom Leitet og Kunnskapssmio. Kaldstad framheva det gode samarbeidet mellom næringsliv og skule, i tillegg til dyktige lærarar som bidreg til lågt fråvær og høg gjennomføring. Om lag 94 prosent av elevane fullfører vidaregåande opplæring, noko som er over landsgjennomsnittet. Solveig Vik fekk omvising på skulen og høve til å snakke med fleire elevar. Ho var svært begeistra for korleis nøringsliv og skule samarbeider i den såkalla Bømlomodellen.

Foto; BN, Fra v Jakob Sørsten, Morten Helland, Mari P. Totland Tor Inge Kaldstad, Solveig Vik og Endre Barane.

LOS-Gruppen, Wartsila og Zinus

Ein kan ikkje koma på besøk til Rubbestadneset utan å vitja ein av dei tre store bedriftene der, SOlveig Vik var heldig, ho fekk møte alle tre. Konsernsjef Jakob Særsten i LOS-Gruppen, Andreas Sødergran, salssjef i Zinus, og administrerande direktør Hans Petter Nesse i Wärtsilä, stilte alle opp for å øte stortingsrepresentanten.

Over ein god lunsj fekk Solveig Vik ei grundig innføring i historia til selskapa, kva dei driv med i dag, og ikkje minst planane for utvidinga av industriområdet på Rubbestadneset. 

Vik fekk også med seg eit tydeleg ønskje om meir føreseielege og stabile rammevilkår, i tillegg til engasjement rundt formuesskatten. Som medlem av energi- og miljøkomiteen var ho særleg interessert i å høyre meir om industri- og teknologiutviklinga som går føre seg på Rubbestadneset.

Bømlo Fiskerihamn

Dagen vart avslutta i fiskerihamna på Langevåg, der Vik fekk sjå moloen, den nybygde kaien og roro-rampa. Ho fekk også omvising hos Bømlo Skipsservice og Hardanger Fiskeforedling (HaFi). Etterpå møtte ho representantar frå Napier, Eidesvik Havfiske og styreleiar i Bømlo Fiskerihamn, Martin Laurhammar, som orienterte om historia til
fiskerihamna og planane for vidare utvikling. Bodskapen til stortingsrepresentanten
var den same som elles i besøket: Næringslivet ønskjer stabile rammevilkår,
større føreseielegheit og fjerning av formuesskatten. Dei uttrykte også uro for
det varsla nedtrekket i PO3, som kan gi mindre aktivitet for produsentar, leverandørar
og pakkeri.

Besøket synte kor tett dei store samfunnsspørsmåla heng saman lokalt: kraft, kompetanse, industriutvikling og rammevilkår. For næringslivet på Bømlo handlar dette ikkje berre om enkeltbedrifter, men om evna til å skape arbeidsplassar, utvikle lokalsamfunn og gjennomføre grøn omstilling i praksis.

Me ønskjer å takke Solveig Vik for besøket og vonar ho tek med seg inntrykka og formidlar bodskapen videre inn i si Stortingsgruppe.

Foto; BN, Det er høg aktivitet hos Bømlo Skipsservice, Solveig Vik og resten av følge fekk ei grundig omvisning og fekk høyre om utvidingsplaner for Bømlo Skipsservice.