Heim igjen 2025

bilde

Måndag kveld før jul vart Bømlo kulturhus fylt med framtidas arbeidstakarar, og forhåpentligvis framtidas bømlingar. Arrangementet Heim igjen 2025 samla om lag 80 deltakarar og 16 lokale bedrifter til ein møteplass for unge bømlingar som studerer eller jobbar utanfor kommunen, og for dei som vurderer å flytte heim att.

Målet med Heim igjen er å vise fram jobb- og karrieremoglegheitene på Bømlo, og å knyte tettare band mellom næringslivet og unge som kan vere framtidige arbeidstakarar i kommunen. Behovet for kompetanse er stort i mange bransjar, og kvelden gav eit godt bilete av både breidda og moglegheitene som finst lokalt.

Bømlo Næringsråd hadde for anledningen fått med Bjarte Notland Tjensvoll og Selma Stavland Meling som ambassadørar for Heim igjen 2025. Dei har vore med å planlegge arrangementet, og var kveldens konferansierar.

Desse bedriftene deltok på arrangementet:

Bømlo kommune, Bømlo Skipsservice, Bremnes Seashore, Eidesvik, Embicon, Finnås Kraftlag, LOS Power Solutions, Matre, Scale AQ, Servogear, Siemens Energy, Signatur Management, Smart Automation, Wärtsilä, Ydda og Zinus.

Då deltakarane kom vart det lagt opp til mingling i eit stand-område inne i biblioteket slik at deltakarane fekk gjere seg kjend med bedriftene. Etterpå presenterte Bjarte og Selma bedriftene frå scena, før det vart servering av mat i frå Bralunsj. Foajeen vart fylt mange gode samtalar, både om konkrete jobbmoglegheiter og om kva som skal til for at fleire vel å flytte heim att til Bømlo etter studiar eller nokre år ute.

Bjarte og Selma losa deltakarane trygt gjennom kvelden og hadde også lagt opp til quiz etter middagen. Her vart deltakarane delte inn i lag saman med bedrifter som kunne vere relevante for studieretning og fagbakgrunn, noko som skapte ein lågterskel og litt morosam inngang til vidare prat og nettverksbygging.

Tusen takk til alle som kom på Heim igjen 2025, alle bedriftene som gjorde arrangementet mogleg, og ein ekstra takk til Bjarte og Selma for eit solid gjennomført arrangement. Me gler oss allereie til neste år, og håpar endå fleire finn vegen heim.

Sjå alle nyhende