Kjære fylkespolitikarar: bevar vg2 industriteknologi på Bømlo vgs!

bilde

På vegner av medlemsbedriftene i Bømlo Næringsråd og Bømlo Opplæringskontor har me sendt ei samla tilbakemelding om forslaget om å ikkje starte opp vg2 Industriteknologi på Bømlo vidaregåande skule frå hausten 2025. Både næringsliv, opplæringskontor og skulemiljø reagerer sterkt, og peikar på alvorlege konsekvensar dersom linja blir lagt ned.

1. Kritisk behov for industrimekanikarar
Det er stor og aukande etterspurnad etter industrimekanikarar på Bømlo, og det er allereie ei utfordring å få tak i nok industrimekanikarar. Kompetanseundersøkingar syner årleg eit stort behov, og fleire bedrifter, som Wärtsilä Norway AS og Siemens Energy AS, uttrykker sterk bekymring. Wärtsilä melder til dømes om behov for minst 10 nye industrimekanikarar dei neste to åra.

2. Lokale arbeidsplassar og samfunnsutvikling
Lokale utdanningstilbod aukar sjansen for at ungdom blir verande, styrkar næringslivet og bidreg til sosial og økonomisk bærekraft. Nedlegging av linja vil auke rekrutteringsproblem og fråfall frå utdanning. 11 søkjarar vil stå utan tilbod på Bømlo vgs, noko som me ser som svært alvorleg. 

3. Forventningar om stabilitet og samarbeid
Etter store investeringar i nytt skulebygg og etableringa av "Bømlomodellen" forventar næringslivet stabilitet i utdanningstilboda. Linja er ein sentral del av samarbeidsavtalar som har vorte jobba fram mellom mellom skule og lokalt næringsliv.

4. Positiv utvikling i søkjartal
Auken frå tre til fire klassar på vg1 Teknologi- og industrifag gir grunnlag for fleire elevar på vg2 Industriteknologi neste år. Å leggje ned no vil vere i strid med utviklinga i søkjartala.

5. Fylkeskommunens ansvar
Opplæringslova §5-3 pålegg fylkeskommunen å vektlegge samfunnets kompetansebehov. Signala frå næringslivet på Bømlo er klare: vg2 Industriteknologi må oppretthaldast for å sikre framtidig tilgang på kvalifisert arbeidskraft.

Avslutningsvis
Me ber fylkeskommunen om å sikre vidare drift av vg2 Industriteknologi på Bømlo vidaregåande skule. Sunnhordland eksporterer for fleirfaldige milliardar kvart år, med Bømlo som ein sterk bidragsytar. Suksessen er bygd på tilgang til relevant kompetanse gjennom lokal utdanning i tett samarbeid med næringslivet.

Ved å investere i lokale utdanningstilbod, legg me grunnlaget for vidare vekst, høg verdiskaping og eksport – til stor nytte for både regionen og AS Noreg.

Sjå alle nyhende