Aasen Shipping utvidar flåta

bilde

Aasen Shipping har inngått avtale med Royal Bodewes i Nederland om bygging av tre nye skip, og levering er satt til desember 2025, april 2026 og september 2026. Skipa er hybriddrivne, og klargjort for metanol, så på sikt vil dei kunne bli utsleppsfrie.

Skipa vil ha liknande design som tidlegare nybygg, men med nokre mindre oppgraderingar. Dei vil ha ein stor batteripakke, som vil ta toppane for både hovudmotor og hjelpemotor. Lasthandsaminga vil gå føre seg elektrisk, som igjen vil redusere støy og utslepp. I hamner kor landstraum er tilgjengeleg, kan desse skipa både lasse og losse utan utslepp.

Kombinasjonen av eit moderne skrog, batteripakke og variabel frekvensdrift reduserer utslepp og drivstofforbruk til eit mykje lågare nivå enn nokon samanliknbare skip i marknaden.

Skipa er fullfinansiert med pant i Sparebanken Vest og eigen eigenkapital, og har motorar frå Wärtsilä, som enkelt kan byggjast om til metanoldrift den dagen grøn metanol er tilgjengeleg. Då kan skipa operere heilt utsleppsfritt, både i hamner og til havs.

Sjå alle nyhende