Med grøn skipsfart på agendaen
"Sunnhordland har gjennom generasjonar bygd opp maritim kompetanse i
verdsklasse. Eg er utruleg imponert av kva denne regionen får til," sa Lars
Haltbrekken, stortingsrepresentant for SV, då han var på besøk Bømlo og Stord
denne veka, på invitasjon frå Stord Næringsråd og Bømlo Næringsråd.
Han hadde spesielt valt seg ut Sunnhordland, for å få samtale om utviklinga innan grøn skipsfart
og dei moglegheitene og utfordringane næringa står overfor. Gjennom
bedriftsbesøk og presentasjonar fekk han sjå korleis regionen ligg heilt i front når
det gjeld utvikling av klimavennlege maritime løysingar.
På programmet stod besøk hos Wärtsilä, The Switch, Maritime CleanTech,
Breeze, Sustainable Energy Catapult og Ragn-Sells Havbruk. Tema som
utsleppsfri skipsfart, elektrifisering, ny teknologi, verdiskaping og behovet for
føreseielege rammevilkår stod sentralt. Besøket omfatta også samtalar om
uutnytta ressursar og nye verdikjeder knytte til oppdrettsnæringa.
«Skal den maritime leverandørindustrien klara å halda på den posisjonen ein
har, vil regulatoriske grep og målretta politiske verkemiddel vera avgjerande for
å sikre vidare utvikling, arbeidsplassar og konkurransekraft i ei tid med aukande
internasjonal konkurranse», var meldinga Haltbrekken fekk av dei lokale
verksemdene som var til stades.
«No stolar me på at Haltbrekken reiser tilbake til Oslo med auka innsikt som kan kome
til nytte i det vidare arbeidet på Stortinget». seier Liv Kari Eskeland. "Kompetansen bygd opp i verfts og leverandørindustrien er ein viktig
beredskap som vi må ta vare på. Det krever oppdrag og arbeid"
«Det sterke engasjementet og den høge kompetansen eg har møtt her i dag,
understrekar kvifor Sunnhordland er eitt av dei leiande miljøa i landet innan grøn
maritim innovasjon, noko som er viktig å ta vare på
framover", sa Lars Haltbrekken, før han reiste vidare.
Besøk hos The Switch
Relaterte bedrifter