Møter på Stortinget med fokus på maritim næring og beredskap

bilde
Foto: Fra v; Asbjørn Halsbakke, Oscar Andreas Sørvik(arbeidsveke hos Wãrtsilã, Torgeig Sørvik, Solveig Vik og Ragnfrid Sønstabøk

I forbindelse med Næringsalliansen Vestland sin årlege tur til Stortinget hadde Bømlo Næringsråd med  Torgeir Sørvik frå Wärtsilä  og Asbjørn Halsebakke frå The Switch for å
møte fleire stortingsrepresentantar i Oslo den 17  og 18 mars, som representantar for ei stor og viktig næring i Sunnhordland .Me hadde møte med Ruth Mariann Hop (Ap) fra Karmøy, medlem av Næringskomiteen. Me fekk også møte Solveig Vik (Ap) frå
Haugesund, medlem av Energi og Miljø komiteen. Besøka har resultert i at dei
begge to kjem til Bømlo for å sjå og høyre meir om næringslivet og planane i
Rubbestadneset, og eit komande møte med departementet(energi og miljø). 

Me møtte også  Martin Jonsterhaug, (FrP) frå Bergen medlem av Finanskomiteen og visepresident Ove Trellevik (H),frå Øygarden. Målet med desse møta var å sette fokus på utfordringar, beredskap og moglegheiter for næringslivet i Bømlo og Sunnhordland, innanfor den maritime sektoren.

Miljødirektoratet har lagt fram si innstilling til  nullutsleppkrav for offshoreflåten til departementet. Innstillinga bygger ikkje opp om kompetansen og moglegheitene som vi i dag kan og bør stille til bransjen, basert på den kunnskapen vi har. Dersom dette blir ståande, fryktar ein at offshoreflåten ikkje tek sin del av ansvaret for Parisavtalen, og at andre bransjar må bera kostnadane for det grøne skiftet.

Den en maritime næringa står for ein stor del av verdiskapinga, arbeidsplassar og nye innovative løysingar som set Noreg på kartet teknologisk og som er  viktige for å sikre at landet held fram som spydspiss innan maritim sektor. Dette handlar om beredskap i vidaste forstand, og det offentlege må evne å sette krav og retning. Sjansen for å påverke er her og no. Bedriftene uttrykte uro for at norske leverandørar og verft kan tape mot utanlandske aktørar dersom dei foreslåtte løysingane frå Miljødirektoratet vert innført. Med rett innretning kan ein sikre ein framtidsretta og konkurransedyktig maritim sektor der verdiskaping , arbeidsplasser  og innovasjon blir verande i Noreg, noko som også vil påverke regelverksutforming og vår posisjon som maritim nasjon globalt.

Vi veit at stortingspolitikerane frå vestlandet er oppteken av vår maritime næring, våre lokale arbeidsplasser og verdiskaping langs kysten. Vi ønskjer alle at Noreg også i framhaldet skal vera spydspissen innan maritim sektor. Dette handlar om beredskap i vidaste forstand.  Då må vi syte for at det offentlege evnar å sette krav og retning. Det er no vi har sjansen. 

Dette var den klare bodskapen fra Torgeir Sørvik og Asbjørn Halsebakke til våre stortingspolitikerar.

 

Det vart to travle men utruleg interesanne dager på Stortinget denne gong, viktig å knytte kontakt med "våre" stortingsrepresentantar her fra v; Ruth Mariann Hop, Ragnfrid Sønstabø, Torgeir Sørvik, Oscar Andreas Sørvik og Asbjørn Halsebakke.

Visepresident Ove Trellevik viser fram Stortingssalen og Hordalandsbenken


Relaterte bedrifter