Stortingspolitikarar møtte havbruksnæringa på Bømlo

bilde
Foto: Fra venstre, Bård Ludvig Torheim, Harry Valderhaug, Morten Helland, Marius Økland, Anders <kalleberg, Erik Fylkesnes og Torleif Stoke. Lars Magne Eidesvik måtte snu pga vegstengning ved Ravnabrotet, så han vart ramma av trafikklys systemet der også.

Stortingsrepresentantane Bård LudvigTorheim (H) og Harry Valderhaug (KrF), begge medlemmar av næringskomiteen, vitja Bømlo førre veke. Der fekk dei høyre om konsekvensane av nedtrekk og endra rammevilkår for den lokale havbruksnæringa.

Bømlo Næringsråd inviterte Bård LudvigTorheim, fiskeripolitisk talsperson for Høgre på Stortinget, til Bømlo for å møte havbruksnæringa i kommunen. Besøket starta ved visingssenteret til Engesund på Fitjar. Derifrå gjekk turen med båt frå Fylkesnes Fisk til
lokalitetane Ospøy og Soløy.

Erik Fylkesnes og Marius Økland frå Fylkesnes Fisk deltok på turen. Samtalane med Torheim handla mellom anna om dei konkrete konsekvensane av tidlegare nedtrekk i produksjonsområdet. Ved dei to lokalitetane fekk stortingsrepresentanten sjå korleis anlegga så langt har måtta redusere produksjonsvolumet med 12 prosent. Frå mars 2027 ventar eit nytt nedtrekk dersom Stortinget ikkje stansar det.

Bård Ludvig Torheim, stortinget og økonomisjef i Fylkesnes Fisk Marius Økland på lokaliteten Ospøy.

Samla næringa i Kunnskapssmia

Turen gjekk vidare til Kunnskapssmia i Rubbestadneset, der oppdrettarane på Bømlo var inviterte. OrdførarMorten Helland deltok òg i møtet. Same dag hadde han besøk av
stortingsrepresentant Harry Valderhaug (KrF), som sit i næringskomiteen saman med Torheim.

Dei to stortingsrepresentantane fekk ei grundig orientering om korleis næringa har måtta handtere fleire nedtrekk og endringar i rammevilkåra dei siste åra. Oppdrettarane peika på utfordringane dei står i no, og tok opp eit trafikklyssystem dei meiner ikkje fungerer etter intensjonen, og som fører til kollektiv straff for aktørar med gode resultat.

Torleif Stokke, dagleg leiar i Fremskridt Laks, fortalde om det semilukka anlegget deira. Der er det berre påvist éi lakselus dei siste fem åra, men verksemda blir likevel ramma av nedtrekket. No ber næringa  Stortinget om å frysa det komande nedtrekket i påvente av eit betre kunnskapsgrunnlag.

Besøket vart avslutta med ei kort omvising i Kunnskapssmia. Stortingsrepresentantane møtte elevar på elektrofag og fekk ei orientering om utvidingsplanane i Larsvågen i Rubbestadneset.

Begge representantane arbeider nå for å sikre eit stortingsfleirtal for å stoppe nedtrekket.

Fra v. Morten Helland, Bård Ludvig Torheim, Ragnfrid Sønstabø og Harry Valderhaug, med Larsvågen i bakgrunn