Høyringssvar frå havbruksnæringa, kommuneplanen sin arealdel (KPA)

bilde
Foto: Bremnes Seashore

Bømlo Næringsråd har saman med medlemsbedrifter innan havbruksnæringa gått gjennom KPA-en som ligg ute til høyring. Det er mykje godt arbeid som er gjort i planforslaget, og me registrerer at mange av innspela næringa har kome med har blitt teke omsyn til i arbeidet. I planen som no er på høyring ønskjer me likevel å gje ytterlegare innspel, for å sikre at KPA-en møter næringa sine behov på kortare og lengre sikt. Her følgjer høyringssvaret vårt.

Auka fleksibilitet og skaleringsmoglegheiter innanfor akvakulturområde

Havbruksnæringa står ovanfor mange utfordringar, og det vert gjort mykje særleg innan fiskevelferd og berekraft. Det går føre seg forsking og teknologiutvikling, og det vert peika på at semilukka og lukka anlegg i sjø kan bli ei av løysingane framover. Semilukka og lukka anlegg kan resultere i større, men færre anlegg. Slik næringa ser det, vil ein ikkje komme i mål med framtidsretta løysingar raskt nok, om akvakulturområda vert for avgrensa og kompakte slik som i dag. Skal ein lukkast med å ta nye løysingar raskt og effektivt i bruk, må ein ha auka fleksibilitet innanfor akvakulturområda framover.

Dette er særleg viktig i Bømlo kommune, då kommunen er i eit trafikklysområde som er raudt. Oppdrettsanlegg i raude trafikklysområde arbeider kontinuerleg med teknologiutvikling og løysingar som vil bidra til å løyse problema, og treng fleksibilitet for å teste ut og ta i bruk ny teknologi.

Lukkast ein med å løyse problem ein har innan fiskevelferd og berekraft, er det òg sannsynleg at Noreg kjem til å opne opp for auka produksjonen av matfisk. Dette bør takast omsyn til i KPA-en. Lukkast Bømlo kommune å lage ein arealplan med naudsynt fleksibilitet for oppdrettsnæringa, og skaleringsmoglegheiter for akvakulturområde etter kvart som det vert utvikla ny teknologi som reduserer klimaavtrykk, og nye retningslinjer opnar opp for auka produksjon, vil det legge til rette for at næringa enklare kan utvikle og utvide si verksemd. Dette vil gje positive ringverknader for både næringa og kommunen framover, både i høve arbeidsplassar og inntekt.

Me ber difor at det i føresegnene til KPA-en, i kapittel 3.5.3 Akvakultur, vert lagt inn eit punkt som opnar for fleksibilitet i akvakulturområdet for prosjekt som har til formål å auke berekraft og fiskevelferd i havbruket, og effektive skaleringsmoglegheiter i akvakulturområda der ein får løyve til å auke produksjon. Dette vil vere i tråd med regional kystsoneplan, som skriv at «I arealplanlegginga bør det difor vurderast behov for fleksibilitet, framtidig behov og justering av eksisterande anlegg. For å redusere behov for dispensasjon, bør sjøområda for akvakultur difor vera av ein viss storleik, jf. retningsline 3.3.2».

Behalde eldre område som er regulert som akvakulturområde – sjølv om dei ikkje er i bruk

Oppdrettsnæringa har hatt stor vekst sidan kommuneplanen rullerte sist. Det er vanskeleg å vite kva som skjer i framtida, både innan teknologiutvikling eller oppdrett av andre artar. I regional kystsoneplan peikar ein til dømes på taredyrking som vil vere noko som kjem meir og meir, samt at næringa og forskingsmiljøa ser på moglegheiter for å kombinere ulike artar for å skape positive synergieffektar (polykultur/integrert havbruk). Døme her kan vera oppdrett av laks/regnbogeaure i kombinasjon med tareskog og blåskjel. Nye produksjonsmåtar og artar vil kunne krevje anna type sjøareal enn dagens merdteknologi og områder som vert utnytta, samstundes kan det hende at eldre området som er regulert som akvakulturområde kan gjerast nytte av.

Vidare er det slik, at Bømlo stort sett har små og mellomstore oppdrettsselskap, som i hovudsak har sine anlegg i same produksjonsområde. Ein er ikkje til stades over heile landet, slik dei store selskapa er, og kan difor ikkje flytte aktiviteten på tvers av produksjonsområda. Det betyr at ein treng meir areal til produksjon og til brakkleggingsområde i same område, noko som krev meir areal i sjø.

Me ber om at ein ikkje fjernar eldre område som er regulert som akvakulturområde i den førre KPA-en. At næringsareal for oppdrett i sjø er regulert og tilgjengeleg, vil gjere oss attraktive for ny næringsverksemd innan havbruket. Arealet kan til dømes brukast til uttesting av ny teknologi i mindre skala, andre artar eller integrert havbruk, eller for konsolidering med andre område, for å oppnå større areal.

Revidering av regional kystsoneplan og samordna revidering av KPA med omkringliggjande kommunar

28. september 2023 vart rapporten frå Havbruksutvalet lagt fram til fiskeri- og havministeren. Utvalet sine forslag til eit heilskapleg forvaltningssystem for akvakultur, er retta mot størst mogleg verdiskaping innanfor berekraftige rammer. Samstundes må forvaltningssystemet ivareta omsyn til klima, miljø og fiskevelferd, økonomisk vekst og ei akseptabel fordeling av verdiskapinga. Rapporten foreslår fleire endringar i havbruksnæringa framover, mellom anna meir heilskapleg arealplanlegging for sjøområda og betre lokalitetsstruktur, tydelegare krav om faste intervall og samordna revidering av kommuneplanen sin arealdel for kommunar i tilstøytane sjøområde og tematisk plan for akvakultur som bør vere forpliktande for kommunen si arealplanlegging.

Fiskeri- og havbruksministeren har òg varsla ein ny havbruksmelding til Stortinget, sannsynlegvis i løpet av våren 2025.

Det er viktig at Bømlo kommune er offensive og framtidsretta, og legg til rette for dei moglegheitene me må forvente kjem i forlenginga av havbruksutvalet sin rapport og den kommande stortingsmeldinga. Slik kan Bømlo kommune og lokal oppdrettsnæring bidra til at Noreg når sine mål om å auke produksjon innan havbruksnæringa innan berekraftige rammer. Det er difor viktig at:

  • Bømlo kommune arbeider for at regional kystsoneplan vert revidert basert på ny kunnskap, og sikrar at arbeidet inkluderer kompetanse og erfaring frå lokal havbruksnæring.
  • Bømlo kommune tek initiativ til å starte opp arbeid med samordna revidering av kommuneplanen sin arealdel, saman med kommunar i tilstøytane sjøområde.

Bømlo Næringsråd stiller seg elles bak havbruksnæringa sine konkrete arealinnspel på sjø- og land.

Sjå alle nyhende