Høyringssvar til havbruksutvalet

bilde

Bømlo Næringsråd har sendt inn høyringssvar til Nærings- og fiskeridepartementet om NOU 2023:23 Helhetlig forvaltning av akvakultur for bærekraftig verdiskaping. Høyringssvaret i sin heilskap kan du lese her.

Bømlo Næringsråd viser til høyring av NOU 2023:23 Helhetlig forvaltning av akvakultur for bærekraftig verdiskaping fra Nærings- og fiskeridepartementet. Me ønskjer å peike på at det er gjort ein god jobb av utvalet. Likevel er det område der me er usamde, delvis samde, eller kor me meiner det bør gjerast meir detaljert arbeid før ein gjer endringar. Desse vert løfta fram i høyringssvaret vårt.

Undervisningskonsesjonar må vidareførast for å sikre elevar praktisk og relevant opplæring

Utvalet føreslår å avvikle undersvisningskonsesjonar. Undervisningskonsesjonar må vidareførast, då slike konsesjonar er av stor betydning for vidaregåande skule i høve kravstilling til samarbeid, finansiering av utstyr til opplæringsformål og gjennomføring av relevant og oppdatert fagopplæring innan akvakultur. Dette er viktig for næringa, for skulen og ikkje minst elevane som vert sikra god og relevant praktisk opplæring ute på merdkanten. I ei tid der fråfallsproblematikken er større enn tidlegare, er slike samarbeid som gjev elevar praktisk, relevant og meiningsfull erfaring under utdanning enno viktigare enn før.

Vidareutvikle trafikklyssystemet til å bli meir treffsikkert

Trafikklyssystemet er ikkje treffsikkert nok i dag, og kunnskapsgrunnlaget rundt oppdrettsnæringa aukar utan at trafikklyssystemet reflekterer dette. I praksis medfører det at aktørar som leverer godt på kvalitet og fiskehelse, risikerer å bli straffa grunna for lite nyansering av trafikklyssystemet. Til dømes vert oppdrettarar med lokalitetar som ikkje påviseleg påverkar villaksen òg råka av nedtrekk i produksjonsområdet. Systemet bør mellom anna tilpassast internt i kvart produksjonsområde, der ein nyttar breiare kunnskapsgrunnlag enn i dag for å handsame nettopp nedtrekk eller unntaksvekst. Grensene for produksjons-område bør òg jamleg reviderast basert på til ein kvar tid gjeldande kunnskapsgrunnlag.

Tydeleggjere korleis aktørar med nedtrekk i eit produksjonsområde får oppjustert MTB når ny modell for risikojustering vert rulla ut

Utvalet foreslår ny modell for å redusere risiko i ulike trafikklysområde. Det står derimot ingenting i NOU-en om korleis ein skal handsame dei som allereie har fått nedtrekk på sine konsesjonar. Det må gjerast tydeleg korleis ein legg til rette for at dei som allereie har fått nedtrekk, får oppjustert MTB-en når ny modell for risikojustering vert rulla ut.

Lik handsaming av oppdrettsselskap ved innføring av rullerande gjennomsnitts-MTB

I det vidare arbeidet med NOU 2023:23 ber Bømlo Næringsråd om at ein sikrar mangfaldet i næringa gjennom lik handsaming av store og små oppdrettsselskap. Store oppdrettsselskap har ein annan fleksibilitet i sine MTB-ar då dei kan flytte fisk på tvers av konsesjonar og lokalitetar. Små oppdrettsselskap er meir sårbare med færre lokalitetar og konsesjonar. For å leggja til rette for at små oppdrettsselskap kan spele betre på lag med biologien i området der ein har konsesjonar, og sikre god fiskehelse, foreslår me at små oppdrettsselskap kan ha rullerande gjennomsnitts-MTB. Dette vil òg gje grunnlag for å forenkle og forbetre lokalitetsstrukturen. Det er i dette tilfellet viktig at det blir laga ein god plan for korleis ei løysing for rullerande gjennomsnitts-MTB skal handsamast opp mot sesongtilpassa MTB.

Forenkle kommunikasjonen mellom oppdrettsselskap og offentlege aktørar

Utvalet peikar på meir samordna styring. Bømlo Næringsråd vil peike på at det er viktig at kommunikasjon med aktørar involvert i sakshandsaming av ulike oppdrettsrelaterte saker blir forenkla, og at sakshandsamingstida går vesentleg ned. Det bør bli enklare å ha oversikt på kor ei sak står til ein kvar tid, og forventa tid for at ei sak er ferdig handsama. Eit ønska mål vil vere type «pakkesporing på posten»; kva instans ligg saka hos no, og når er den ferdig sakshandsama. Om eit «Havbruksdirektorat» kan bidra til å forenkle sakshandsaming og kommunikasjon kan dette vere ei løysing. Men ein må passe på at ein ikkje innfører nok ein offentleg aktør som blir eit ekstra ledd ein skal samhandle med. Bømlo Næringsråd meiner difor at ein først må forenkle og forbetre kommunikasjonen mellom aktørane i dag, før ein eventuelt innfører nye aktørar («Havbruksdirektorat»).

Styrke kommunane sin kompetanse på planarbeid for oppdrettsformål, og sikre kommunane si rettmessige del av verdiskapinga

Utvalet peikar på meir fleksibilitet i planar knytt til arealplanar og areal for akvakulturformål. Bømlo Næringsråd støttar dette, og at kommunane bør leggja til rette for havbruk gjennom sitt arbeid med kommuneplanar. Det er viktig at kommunane får styrka kompetanse på planarbeidet lokalt, slik at planane vert formålstenlege og effektive i bruk. Det er òg viktig at kommunane får oppretthalde sin rettmessige del av verdiskapinga i næringa, og at dette blir gjort gjennom fordeling av midlane frå Havbruksfondet.

FoU-konsesjonar må vidareførast for å styrkje målretta arbeid med miljø og berekraft

Utvalet foreslår at ordninga med FoU-konsesjonar skal gåast gjennom, truleg strammast inn, bli meir målretta, transparent og rett skalert. Me er ikkje direkte usamd i dette, men det er viktig å presisere at det må vere enkelt å gå i gang med FoU-prosjekt, òg for mindre oppdrettsselskap. FoU-konsesjonar er gode incentiv for oppdrettsselskap til å drive tidsavgrensa forsking og utvikling, der staten har låge kostnader knytt til arbeid som kan gje berekraftig vekst i næringa. Staten bør difor vidareføre ordninga, men òg leggje enno betre til rette for satsing på lokal forsking og utvikling enn i dag, og på denne måten utnytte innovasjonskrafta og kompetansen til oppdrettsselskap, både små og store, for å utvikle morgondagens berekraftige oppdrett.

Jamnare uttak gjennom året for ein jamnare tilgang av råstoff

For å leggja til rette for meir foredling av laks foreslår me òg at det blir innført ei ordning med sesongtilpassa MTB. Ordninga i dag er bygd opp slik at MTB-grensa per tillating aukar om hausten fram til nyttår, og minkar om våren fram til mai i eit fast mønster. Det medfører at ein bygger lager av laks i sjø fram mot nyttår og tek ut av lager etter nyttår. Med ein sesongtilpassa MTB kan ein leggje til rette for at opptaket av laks til foredling blir jamnare utover året, og dermed sikre meir foredling og høgare sysselsetting. Ein tilleggseffekt av sesongtilpassa MTB er at det står mindre laks i merdane når villaksen vandrar ut.

Vidareføre interregionale biomassetak for fleire faste stillingar i foredlingsnæringa

NOU 23:2023 tek ikkje nok omsyn til foredling (av laks). Selskap som har interregionalt biomassetak må få høve til å halda fram med dette, for å sikra effektive brakkleggingsområde, betre biosikkerheit og meir føreseieleg råstofftilgang. Dette igjen vil gje tryggare arbeidsplassar, fleire faste stillingar og meir lokal verdiskaping gjennom foredling av laks.

Me ber om at innspela me har gjeve vert teke omsyn til i arbeidet vidare, slik at det vert føreseielege rammevilkår for næringa. På denne måten kan næringa legge til rette for nye lokale arbeidsplassar, og arbeide systematisk med løysingar som vil auke berekrafta i produksjon, pakking, foredling, og transport av norsk sjømat.

Sjå alle nyhende