Næringsråda har sendt høyrungsuttale om nedtrekk i PO3 til Nærings- og fiskeridep.

bilde
Foto: Foto; Bremnes Seashore, på merkanten

Nytt nedtrekk i PO3 er for dårleg fundamentert

Då Stortinget behandla Havbruksmeldinga i juni i
fjor, slutta eit nær samla Storting seg til føljande andmodningsvedtak (nr
1041):

Stortinget ber regjeringen sørge for at det utvikles et mer helhetlig og grundig
kunnskapsgrunnlag for havbrukets miljøpåvirkning, herunder næringens faktiske
og relative påvirkning på den norske villaksbestanden. I dette arbeidet skal
det delta et bredt sammensett utvalg av forskere og fagfolk, og det skal
fortsatt være åpenhet om metoder og modeller.

Dette låg som eit premiss for at havbruksmeldinga gjekk gjennom i stortinget. Fleire stortingsrepresentantar har etterlyst regjeringa si oppfølging i det påføljande året. Svaret frå regjeringa er at ein er i prosess med å vurdere korleis regjeringa vil følge opp anmodningsvedtaket, og at ein i samband med dette vil vurdere ei rekke ulike løysingar. Vidare at regjeringa vil kome tilbake på Stortinget på eigne måte og på eigna tidspunkt.

I svaret frå statsråden går det vidare fram at ho er opptatt av at kunnskapsgrunnlag når det gjeld miljøpåverknad frå havbruk, spesielt knytt til påverknad frå lakselus, stadig må utviklast. Vidare at dette blir reflektert i tildelingsbrevet til Havforskingsinstituttet, der eit
«prioritert tiltak er at instituttet kontinuerlig skal forbedre kunnskapsgrunnlaget og utvikle risikorådgivningen for påvirkning fra akvakulturproduksjon til å bli mer dekkende og ta hensyn til samlet påvirkning.». 

Både i stortingets handsaming, og i svaret frå ministeren, ligg det til grunn at det ikkje er nok kunnskap for å foreta dei drastiske tiltak som no regjeringa har foreslått.

Næringsråda i Vest, Sunnhordland og på Haugalandet reagerer kraftig på at regjeringa nok ein gong set produksjonsområde 3, frå Karmøy til Øygarden, i raudt. Vedtaket inneber eit nytt nedtrekk i produksjonskapasiteten for havbruket i eit område som allereie har teke store kutt dei siste åra. Dette gjer ein altså på trass av at eit samla
storting har bede ministeren syte for at det skal ligga føre eit betre kunnskapsgrunnlag. 

Det er lite tillitsvekkjande at så drastiske tiltak vert sett i verk før dette ligg føre.

PO3 er eit av dei viktigaste områda for norsk lakseproduksjon. I vår region finst privateigde selskap, lokale eigarmiljø og verdikjeder som går frå rogn og settefisk til matfisk, slakting, pakking, foredling, transport og sal. Dette er ikkje berre produksjon i sjø. Det er arbeidsplassar, lærlingplassar, skatteinntekter, leverandørindustri,
eksportinntekter og grunnlag for busetjing i kystsamfunn som treng aktivitet
heile året.

Når regjeringa reduserer produksjonskapasiteten i PO3, stoppar ikkje konsekvensane ved merdkanten. Mindre fisk i sjøen gir mindre råstoff til slakting, pakking og foredling. Det råkar også transportørar, servicebedrifter, leverandørar og heilårsarbeidsplassar langs kysten.

Det gjer avgjerda endå meir alvorleg at regjeringa sjølv har peika på behovet for å endra dagens trafikklyssystem. 

Å gjennomføre slike drastisk tiltak basert på eit sviktande kunnskapsgrunnlag, oppleves som  lite tillitsvekkjande.Havbruksnæringa skal vera berekraftig. Det er det
ingen tvil om. Villaks og sjøaure skal takast på alvor, og næringa må bidra til å redusera negativ påverknad. Men tiltaka må vera treffsikre, forholdsmessige og byggja på eit solid kunnskapsgrunnlag. Når både kunnskapsgrunnlaget og reguleringssystemet er under diskusjon, er det uklokt å gjennomføra nye kutt med store konsekvensar for arbeidsplassar og lokalsamfunn.

Regjeringa snakkar varmt om meir norsk matproduksjon, matberedskap, foredling og levande kystsamfunn. Samstundes blir produksjonsgrunnlaget bygd ned i ein region der mykje av denne verdikjedafaktisk finst. Hadde ein visst at dette var rett medisin, ville næringa stilt seg lojalt bak, men når ein ikkje veit om eit slikt nedtrekk vil ha nemnande å
seie for vilfisken, bygger ein opp kring mistlllit mellom bransjen og myndigheitene. Det kan her minnast om at regjeringa i havbruksmeldinga sjølv har sagt at trafikklys-ordninga ikkje fungerer etter formålet.

Næringa i vest er alt i omstilling. Det blir investert i betre drift, ny teknologi, større postsmolt, betre brakklegging, områdesamarbeid og tiltak for å redusera miljøpåverknaden. Men omstilling tek tid. Ho krev kapital, føreseielege rammer og løysingar som faktisk kan takast i bruk. Fleire av dei nye driftsformene som blir løfta fram, krev meir kraft, meir nett og meir infrastruktur. Det er ikkje på plass overalt langs kysten.

Ein byggjer ikkje framtidas havbruk ved å svekka dagens verdikjede før det nye systemet er klart.

I utvikling av samfunna våre vil det alltid vera motstridande omsyn som skal takast.  Konsekvensar for kystsamfunn, arbeidsplassar, foredling, lokal verdiskaping og matberedskap må vegast opp mot det avtrykket matproduksjon har på sine omgjevnader. Det gjeld for all produksjon, anten det er mat eller andre varer og tenester.

I kommunane våre er konsekvensane føljande om regjeringa sitt vedtak vert ståande for PO3: Lågare produksjon gir mindre råstoff til slakteri, pakkeri og foredling, mindre arbeid for lokale leverandørar og svakare grunnlag for nye investeringar og lærlingplassar. Dette kjem på toppen av den krevjande tida næringslivet langs kysten står i med
nedgong i olje og gassrelatert verksemd.

Næringsråda i Vest, i Sunnhordland og på
Haugalandet ber difor regjeringa om å:

·stoppanye nedtrekk i PO3 til eit betre og breiare kunnskapsgrunnlag er på plass

·sikra openheit om grunnlaget for avgjerdene

· leggja større vekt på konsekvensane for arbeidsplassar, foredling, matproduksjon,
beredskap og lokalsamfunn

·gå i tett dialog med kommunane, næringa og leverandørindustrien

·leggja til rette for omstilling gjennom føreseielege rammer, ikkje gjennom stadig nye
kutt

Vi er opptekne av å nå miljømåla. Men å kutte i produksjon, arbeidsplassar og verdiskaping, medan regjeringa samstundes seier at systemet ikkje er godt nok, og må endrast, bygger ikkje nødvendig tillit og gjev ikkje dei rette signal ut til næringa som kvar dag jobbar med å tilpassa seg, slik at miljøbelastninga blir lågast mogleg.

Skal havbruksnæringa på Vestlandet utvikla seg, må det skje i god og tillitsfull samhandling mellom næringa og myndigheiter. Då må openheit og gode og velfunderte krav og tiltak som er bygd på kunnskap ligga i botn.

Det er diverre ikkje det vi opplever med det nedtrekket som her er planlagt for PO3,
og vi ber instendig om at regjeringa set beslutninga i bero til eit grunnlag
som skaper tillit og forståelse ligg til grunn.

Bømlo Næringsråd

Vest Næringsråd

Austevoll Næringsråd

Tysnes Næringsråd

Fitjar Næringsråd

Kvinnherad Næringsråd

Stord Næringsråd

Næringsforeningen Haugalandet

Karmøy Næringsråd