Bømlakonferansen 2023 vart ein suksess

bilde

Onsdag 8. november gjekk Bømlakonferansen 2023 av stabelen. Namnet på konferansen i år var Bømlab(r)u, og tema var tilflytting, og det å byggje bruer mellom generasjonar, næringar og regionar. Om lag 130 frå næringslivet og andre organisasjonar var på plass, i tillegg til 60 vg3-elevar frå Bømlo vgs. Konferansen var sponsa av Sparebanken Vest og Bremnes Seashore.

Heimflytta bømling Ingrid Esperø losa oss gjennom dagen, som starta med ein velkomst frå Ordførar Morten Helland. Etter velkomsten fekk me premiere på songen "Eg e ein Bømling" med Bømlo Film og Musikk ved musikar Kurt Inge Larsen, som satte stemninga for dagen.

Tema for første bolk var tilflytting, og dagleg leiar i Leva Urban Design Aslaug Tveit innleia med å leggje fram tilflyttarstrategien for Bømlo. Alt om denne kan du lese på tilflyttarstrategi.no. Etterpå reflekterte dagleg leiar i Atheno, Astrid Kjellevold, om me er så attraktive som me trur me er i Sunnhordland.

Neste tema handla om å byggje bruer mellom generasjonar. Organisasjonspsykolog Erik Næss frå Stiftelsen Administrativt Forskningsfond (AFF) starta med å fortelje om korleis millenials og seinare generasjonar, som er oppvaksen med internett, fungerer i forhold til andre generasjonar, og om korleis spelereglane er i det etablerte arbeidslivet. Etterpå var det tid for livepod på scena, med Kjetil Fyllingen som driv Sunnhordlandpodden. Han hadde ein god prat med nyleg påtroppa konsernsjef i Bremnes Seashore, Linda Litlekalsøy Aase. Denne podden kan du høyre her!

Etter ein god lunsj- og minglepause med matservering frå Gaffel og Vaffel var det tid for å høyre frå ulike næringar på Bømlo. Torbjørn Torkelsen, dagleg leiar i Aasen Shipping, fortalde om det siste gjenverande fraktefartsselskapet på Moster. Dagleg leiar i Interoptik Bømlo, Marianne Pleym, fortalde så om reisa dei har hatt som lokal optikarforretning i 30 år. Stefano Vittor, dagleg leiar i Olvondo Technology AS, fortalde om deira innovative industrivarmepumpe som vert produsert på Bømlo, og som i desse dagar arbeider med å skalere opp produksjonen. Til slutt fortalde forretningsutviklar i Karmsund Havn, Kristine Edvindson, om vegen vidare for Bømlo Fiskerihamn.

Siste bolk for dagen vart innleia med nydeleg song i frå konferansier Ingrid Esperø saman med Jan Ove Morlandstø frå Tubilah på gitar. Etter det var det tid for dagens siste tema, som handla om å byggje bruer mellom regionar. Professor i historie ved HVL, Morten Hammerborg, var med oss på video for å reflektere rundt kva som vil skje med koplinga Sunnhordland har til Bergen dersom ikkje Hordfast kjem på plass. Avslutningsvis fortalde siderbonde Håkon Kvestad frå Kvestad Sideri om korleis dei arbeider med sidersamarbeid i Hardanger.

Etter ein interessant og inspirerande dag på Kulturhuset, gjekk 80 av deltakarane vidare opp på #HiSio for å avslutte kvelden. Her serverte Bremnes Seashore sushi laga på fersk salmalaks, og Kvestad Sideri serverte smaksprøvar på fleire av deira produkter. Det hadde vore lova eit hemmeleg kulturelt innslag, og dette kom frå musikk-klubben Morild ved Geir Ersland og Hans Olav Molde. Dei framførte eit djupt og amorøst dikt om kanalbollar tonesatt av vakker gitarmusikk.

Konferansen har fått gode tilbakemeldingar, og me i næringsrådet legg oss no i selen for å lage ein minst like god konferanse torsdag 26. september 2024 på Bømlo kulturhus. Så hald av datoen!!

Foto: Vestland Media

Sjå alle nyhende