Bømlo Kulturhus

Bømlakonferansen 2024

bilde

12. september 2024 går Bømlakonferansen av stabelen igjen. Me byr på relevante og interessante innlegg frå flinke folk, før me denne gongen skal hyggje oss med kortreiste smaksgleder og kortreist musikk på HiSio (3-retters middag og Kystsonglaget).

For kvar påmelde frå næringslivet, kjem ein elev frå Bømlo vgs - så i år går me for full sal og nettverking med dei som skal ta næringslivet vidare i framtida. I tillegg er det mogleg å kjøpe ein studentbillett - desse vil bli delt ut til studentar som ønskjer å komme, som var på Heim Igjen i fjor, eller følgjer oss i sosiale kanalar.

Me har igjen fått Ingrid Esperø, til å vere konferansier denne dagen. Og for dei som var på konferansen i fjor, veit de at Ingrid er ei oppleving i seg sjølv.

Så ta med deg kollegar frå jobb og bli med på ein triveleg dag i kulturhuset!

Trykk her for å melde deg på konferansen! Påmeldingsfrist: 30. august.

Arrangementet er sponsa av Sparebanken Vest.

 Program

09:30

Registrering av deltakarar

10:00

Kor er me og kor skal me?

Kor er eg, og kor skal eg?

v/ Erik Nitter elev vg3 Bømlo vgs

Velkommen til konferanse

v/ konferansier Ingrid Esperø

Bømlo, Norge og Verda: Vekst og omstilling når ei krise har ebba ut og blitt erstatta av ei enda større krise

v/ rektor NHH Øystein Thøgersen

Samla, samskapa og synleggjera: Regionale og lokale utfordringar og løysingar

v/ avd.dir. næring, plan og innovasjon Vestland Fylkeskommune Bård Sandal og seniorrådgjevar Lene Borgen Waage

11:00

Pause med kaffi og noko godt

   

11:30

Eit annleis arbeidsliv

Framtidas arbeidsplassar, arbeidsstrukturar og arbeidstakarar

v/ konsulent i organisasjonspsykologi Qasim Nabi

Livepod med heimflytta bømling, og tidlegare diplomat og hoffsjef Aage Grutle: Eit annleis arbeidsliv

v/ podvert Kjetil Fyllingen Sunnhordlandspodden

12:30 - 13:30

LUNSJ

13:30

Næringar

Ei reiselivssatsing på ein grunnmur av gull

v/ dagleg leiar Sindre Larsen i Gullvegen Gardstun og Stormhyttene

Kva konsekvensar får internasjonale krav for bygningsmasse på Bømlo?

v/ dagleg leiar Hans Magne Stokka i Steinsbøhus

Kor var me – kor må me? Glokal fiskeoppdrett i fortid og framtid

v/ administrasjonsleiar Marius Økland i Fylkesnes Fisk

Ei IT-bedrift si reise frå idé til produkt, internasjonalisering og sal

v/ dagleg leiar Jan Helge Skailand i Masterloop

14:30

Pause med kaffi og noko godt

15:00

Kort og godt

Musikalsk innslag

Bier, blomar og berekraftig matproduksjon, Eit kortreist og berekraftig innslag frå dei som lever av jorda

v/ Gina Digernes i Sikje Småbruk, Ståle Sakseide i Sakseide Gartneri og Jan Sigve Særsten Robberstad frå Snill Bonde

Dagen kort oppsummert

v/kortreist poet Geir Ersland

16:00 - 19:00

Kortreiste smaksgleder (3-retters middag) og kortreist musikk (Kystsonglaget)

på #HiSio

Pris for deltaking:

  • Medlemmar inkl. kortreiste smaksgleder på #HiSio: 2 990 kr + mva
  • Medlemmar utan kortreiste smaksgleder: 2 690 kr + mva
  • Betal for ein student (blir kun fakturert dersom studentar kjem): 1 250 kr + mva

Ikkje-medlemmar er sjølvsagt òg velkomne til å delta mot eit påslag på 500 kr på billetten.
⁠Lag- og organisasjonar kan kjøpe billettar til studentpris.

Påmelding gjer du ved å klikke deg inn på denne lenka, eller send ein e-post til post@bomlonr.no. Påmeldingsfrist: 30. august. Påmelding er bindande.

Sjå alle hendingar