Årsmøte og årsfest på Kulleseidkanalen

bilde

Førre torsdag inviterte næringsrådet til ein vellykka kveld med årsmøte og årsfest med god mat og underhaldning på Kulleseidkanalen Gjestehamn. Her vart det valt nytt styre, delt ut midlar frå NMEC og ikkje minst avslørt kven som vart vinnaren av Næringsprisen 2023.

Årsmøtet

Årsmøtet vart leia av styreleiar Lauritz Eidesvik, bistått av dagleg leiar Nina, som gjekk gjennom årsmeldinga. Det vart diskutert at næringsrådet truleg vil miste støtta frå kommunen frå neste år. Styret ber difor om tilbakemeldingar frå medlemsbedriftene angåande ein potensiell dobling av medlemsavgifta frå neste årsmøte, for å kunne oppretthalde ein tilsett i næringsrådet. Me ber om at dei som ikkje kunne delta på årsmøtet gjer oss ein tilbakemelding på kva dei tenkjer om dette her.

Det vart og avholdt val av nye styremedlemmar. Styremedlem Anita Hellen Morlandstø og varamedlem Frode Urangsæter vart takka av for sin innsats styret. Heidi Vespestad Halleraker vart vald inn som nytt styremedlem og nestleiar, medan Terje Særsten vart vald som ny varamedlem. Lauritz Eidesvik vart gjenvald som styreleiar. Valkomiteen ved Simon Nesse Økland (leiar), Vidar Onarheim og Gitte Gard Talmo vart takka for gode nominasjonar til årets val.

Det vart òg delt ut ein sjekk frå NMEC til Ståvo, og ambassadørane som har hjulpe oss å ta bileter til Opplev Bømlo i 2023, fekk ei lita merksemd.

Årsfesten

Etter årsmøtet gjekk me over til årsfesten, der me fekk servert ein nydeleg tre-retters middag. Under festen vart Næringsprisen for 2023 tildelt Embicon.

Underhaldninga vart levert av Morild med Geir Ersland, Ingrid Esperø, Hans-Olav Molde, Torbjørg Huus og Jan-Ove Morlandstø. Dei framførte vakre songar og poesi, og markerte samstundes at Bømlo Næringsråd feirar 35-årsjubileum i år.

Me ønskjer å rette ei stor takk til Fylkesnes Fisk for å vere sponsor for årsmøtet, og til DNB for å vere sponsor for årsfesten. Tusen takk til alle som deltok og bidrog til ein hyggeleg kveld saman.

Sjå alle nyhende