Nye ambassadørar for Opplev Bømlo

bilde

I år har næringsrådet vore så heldige å få med seg Tine Andrea Torkelsen Bergendahl og Øyvind Rolfsnes-Flock som Opplev Bømlo-ambassadørar. - Me set utruleg stor pris på at desse to har sagt ja til å bidra med deira fine og inspirerande bileter på instagram-kontoen vår, fortel prosjektleiar og kommunikasjonsansvarleg Mari Pedersen Totland i Bømlo Næringsråd.

Det var i 2021 næringsrådet laga til nettstaden Opplev Bømlo, og sette opp skilt ulike stader i kommunen som peikar til denne sida. Her finn ein oversikt over ting som kan opplevast på Bømlo, kor ein kan handle og kor ein kan overnatte. Samstundes vart det laga ein facebook-konto, der næringsrådet i 2022 fekk hjelp frå Geir Einarsen og Øysten Gjerde til å dele bileter for å halde aktiviteten oppe. - Me set utruleg stor pris på hjelpa me fekk frå ambassadørane i fjor, og for at dei hjalp oss å h halde liv på sosiale media, fortel Nina Ingvaldsen, dagleg leiar i næringsrådet.

Det å drive med marknadsføring på sosiale media er noko næringsrådet ikkje har hatt særleg kompetanse på, men før jul vart Mari Pedersen Totland tilsett som prosjektleiar. Ho har mellom anna utdanning innan marknadsføring og kommunikasjon, og har no laga ein tydeleg kommunikasjonsplan for næringsrådet, som inkluderer ein strategi for korleis Opplev Bømlo skal bli betre på sosiale medium.

- Opplev Bømlo vil no i første omgang fokusere på å vere ein inspirasjonskanal på Instgram, der bileter blir automatisk vidaredelt på facebook, fortel Totland. - Målet er å få langt fleire følgjarar enn i dag, slik at fleire får augo opp for Bømlo og opplevingane ein kan få her. Medlemsbedriftene våre er flinke å tagga oss i reels og anna på Instagram, og etterkvart me får fleire følgjarar på kontoen vår, vil deira taggar nå ut til fleire, fortel ho vidare.

Tysdag 7. mars møtte næringsrådet med ambassadørane over ein pizzalunsj i Moster Amfi, og sette dei nye ambassadørane i gang med arbeidet. Tine Andrea er for mange kjent allereie, mellom anna har ho teke bileter for Bømlo-Nytt sine magasin. Ho er frå Moster, og flytta nyleg attende til heimegarden etter fleire år utanbygds. Øyvind Rolfsnes-Flock er til dagleg leiar på friluftslinja til Bømlo Folkehøgskule, og tek mange flotte bileter frå aktivitetar dei held på med der.

- Me gler oss til å følgje med på inspirasjonsbileter frå dei nye ambassadørane i året som kjem, seier Mari Pedersen Totland til sist. - Og har du blinkskot du tenkjer ville vore bra å delt i våre kanalar, så send dei berre over til oss, så dukkar dei gjerne opp på instagramkontoen til Opplev Bømlo!

Om du har ei oppleving du ønskjer at bømlingar og besøkjande skal vite om, og som ikkje du finn att på https://opplevbomlo.no/, er det berre å sende ein epost til post@bomlonr.no.

Sjå alle nyhende