Embicon er vinnar av Næringsprisen 2023

bilde
Foto: Frå venstre: Martha Larsdotter Kristensen (Atelier Lysstrand), Bjarne Vold (Napier), Lauritz Eidesvik (Styreleiar BN) og Lars Magne Endresen (Embicon)

I går hadde Bømlo Næringsråd årsmøte, og her vart Næringsprisen 2023 delt ut.  

Dette er første gong på mange år at det vert delt ut ein næringspris i Bømlo. Det er Napier som har sponsa næringsprisen, som er eit bilete laga av ein lokal kunstnar. Kunstnaren i år er Martha Larsdotter Kristensen frå medlemsbedrifta Atelier Lysstrand, og medlemsbedrifta Asbjørns Rammeverksted har ramma prisen fint inn.  

Styret i Bømlo Næringsråd definerte i vinter kriteria for tildeling av næringspris, og starta nominasjonsprosessen fram mot årsmøtet. Styret i næringsrådet og sponsor av næringspris har vore jury. I evalueringa har det vore svært jamnt blant dei nominerte, men det var Embicon som vann den gjeve prisen i år. Me i Bømlo Næringsråd gratulerer!!

Her følgjer grunngjevinga for vinnaren:  

Grunngjeving, vinnar av Næringsprisen 2023 

Næringsprisen 2023 vert i år delt ut til ei bedrift som har utmerka seg på fleire område.  

Bedrifta har sidan oppstarten for snart 15 år sidan, skapt fleire nye arbeidsplassar til Bømlo kommune, gjennom systematisk og målretta arbeid. Selskapet er ei teknologibedrift som leverer teknologi for eit meir berekraftig maritim næring. Selskapet utviklar ny teknologi sjølv, og set ny og eksisterande teknologi saman for å gje høgast mogleg verdi for kundane.  

Bedrifta er godkjent lærebedrift, og den første tilsette i full stilling i tillegg til dagleg leiar, var ein lærling. Selskapet har vakse til eit selskap med sju faste stillingar, utdannar lærlingar i automatikarfaget, har regelmessige kandidatar på jobbtrening frå NAV, har ein sunn og god økonomi og leverer teknologi i verdsklasse – frå Bømlo.  

Juryen peikar på at «bedrifta skapar eit positivt omdømme for Bømlo, byggjer nye arbeidsplassar, kompetanse og teknologi, og har levert ein ekstraordinær prestasjon i året som gjekk.» 

Selskapet leverer måleutstyr, hardware og brukargrensesnitt for bl.a. overvaking av viktige måleparameter, slik som oksygennivå og temperatur for oppdrettarar både på sjø og land. Slik at oppdrettaren kan vera kor som helst i verda og følgja med på korleis det står til i merden hans, men også samla inn data som kan bli brukt i big-data / AI-modellar. Tubilah, kveiteoppdrettaren på Foldrøyholmen var ein av dei første som tok i bruk «Embilink»-systemet, og no er det i bruk hos kundar som Bremnes Seashore, Mowi, Lerøy, mm.   

I 2021 kjøpte selskapet ut rettigheitar til Motorcomputer-systemet til Siemens Energy, som overvakar utallige arbeidskatamaranar, mindre fiskefartøy og andre arbeidsbåtar. Dette systemet har selskapet vidareutvikla og det vert i dag produsert høgteknologiske computerar, heilt ned på kretskortnivå, i Rubbestadneset. 

Næringsprisen 2023 går til Embicon! 

Sjå alle nyhende