Vil Vite på Bømlo

bilde

Første veka i november var Vil Vite på Bømlo og leverte tilbod innan koding til alle førskuleungar, 5. klassingar, 8. klassingar og førsteklassingar på studiespesialiserande på Bømlo vgs. Tilbodet kom i stand etter målretta arbeid i eitt og eit halvt år mellom Bømlo Næringsråd, representantar frå barnehagar og skular på Bømlo, Vil Vite og Ståvo.

Sistnemnde er eit heilt nytt fritidstilbod retta mot born og unge, der målet er å legge til rette for skaping, og lære unge prosessane bak entreprenørskap og innovasjon. Det er ressurspersonar frå næringslivet som står bak tilbodet, og tek sikte på å vekkje gründeranda i oppveksande bømlingar.

Alle 5. og 8. klassingane fekk ein dag kvar på kulturhuset, og det var omlag 400 ungar innom bygget desse dagane. Der fekk dei med seg eit opningsshow, ei mobil utstilling der ein kunne testa ulike installasjonar, eit møte med "Den galne geologen" frå Geopark Sunnhordland, samt ei to-timars økt med koding. Barnehagane fekk besøk av Madam Pling, som utførte eksperiment, mellom anna med tørris frå Bremnes Seashore. Og elevane på Bømlo vgs fekk opplegg tilpassa dei.

For å få i stand tilbodet, har me i næringsrådet over ein lengre periode hatt møter med Vil Vite, barnehagar og skular for å sjå på korleis ein kan få eit tilbod i realfag frå Vil Vite på Bømlo. Etter nokre planleggingsmøter vart det naturleg å inkludere Ståvo, som hadde fasilitetane i orden for å ta i mot 5. og 8. klassingane den dagen dei var på Bømlo, saman med Bømlo kulturhus. Det var òg Ståvo som søkte midlar til å gjennomføre opplegget til Vil Vite, for å marknadsføre tilbodet dei drar i gang med frå nyttår av. SKL, Equinor og Sparebanken Vest bidrog med midlar til gjennomføringa, som hadde ein kostnad på omlag 500 kr per elev.

Både Vil Vite, lærarar og elevar har gitt svært gode tilbakemeldingar på opplegget me fekk gjennomført desse dagane, og me vil i 2024 arbeide for å finne ut korleis eit slik tilbod kan bli ein del av skuleåret for 5. og 8. klassingane framover. Me ønskjer òg å arbeide for at eit talentsenter for born og unge i vår region skal bli tilgjengeleg her, på same måte som i Bergen.

Det var eit svært kjekt samarbeid mellom alle involverte aktørar for å få dette til, og me kjem til å arbeide vidare saman med Ståvo og Vil Vite framover, med mål om at fleire får delta på motiverande og lærerike inspirasjonsdagar i realfag framover. Ikkje berre på Bømlo, men i heile regionen.

Sjå alle nyhende