Vg2 Barne- og ungdomsarbeidar får starte halv klasse

bilde

Torsdag 18. april vedtok Hovudutval for opplæring og kompetanse at Bømlo vgs får starte ein halv klasse med vg2 Barne- og ungdomsarbeidar til hausten. Dette er gode nyhender både for elevane som får fullføre utdanninga dei ønskjer, og for arbeidslivet som får tilgang på lærlingar hausten 2025. I tillegg vart det vedteke å utvide vg1 Elektro og datateknologi og vg2 Maritime fag med ein ekstra klasse.

I høve barne- og ungdomsarbeidarlinja er det målretta arbeid frå mange lokale aktørar som har ført til at linja får starte opp. Les meir om dette her. - Det er òg utruleg viktig at folk er klar over, at skal me ha vidaregåande skule på Bømlo, må elevane våre velje lokale tilbod der desse finnes, fortel dagleg leiar i Bømlo Næringsråd Nina Ingvaldsen. - Heldigvis ser me at mange av bømlaungdommen ønskjer å starte vidaregåande opplæring i kommunen, og ein av grunnane er sjølvsagt at det er ein god skule med dyktige lærarar og eit kjekt miljø.

- Å vere ein distriktskommune medfører at me må kjempe for ting som ein gjerne kan ta meir som ein sjølvfølgje i dei større byane. Men skal me vere ein attraktiv stad å bu, og ha kompetanse til det varierte arbeidslivet i vår kommune, må me ha eit allsdig vidaregåande skuletilbod i regionen, fortset Ingvaldsen. - Med nedgang i tal på elevar til vgs fram mot 2035, må me vere førebudd på mange slike saker i åra framover, der me ønskjer å starte halve klassar for å gje arbeidslivet tilgang på kompetansen dei treng. Så her må me vere på ballen, og vere tydelege på kva verdi eit levande næringsliv i Sunnhordland og Bømlo gjer til AS Noreg.

Sjå alle nyhende