Årsmøte og siste fysiske samling med NMEC

bilde

Førre veka haldt NMEC årsmøte i Veteranlaget sine lokale i Kompetansegården. På årsmøtet vart nedlegging av foreininga vedteke, så dette vart den siste fysiske samlinga i NMEC sin regi. - Sidan oppstarten av klynga i 2017, er det mange nye arbeidsplassar på Rubbestadneset, som ikkje var der då, fortel dagleg leiar Nina Ingvaldsen.

Etter årsmøtet formelt var gjennomført, vart det siste årsmøtet vart nytta til å høyre litt frå nokre av bedriftene som har etablert seg, eller hatt stor vekst, sidan oppstarten. Zinus, GAC, i4Factory, Masterloop og Embicon utgjer meir enn 55 nye arbeidsplassar på Rubbestadneset. I tillegg har det vore vekst i fleire av dei andre bedriftene som allereie var etablerte på staden. - Me hadde ei teljing for ei tid tilbake, og då kom me til over 80 nye arbeidsplassar i Rubbestadneset. Det må seiast å vere bra, fortel Ingvaldsen.

Nokre av bedriftene som har hatt stor vekst

Zinus AS er ein leiande leverandør av landstraumsprodukt, og autonome ladeløysingar for hamner og skip. Zinus har nyleg flytta inn i nye lokaler på Teknologisenteret i Rubben. Dei har hatt ein enorm vekst frå oppstarten i 2018, men Jarle Økland kunne fortelje at vekstambisjonane fortsatt er store.

GAC Norway, som har kontor i Kompetansegården, er ein verdsleiande leverandør av shipping, logistikk og marine løysingar for den maritime industrien. Heine Hovda kunne fortelje at dei er tre tilsette på avdelinga i Rubben i dag, men vert fire frå og med mars. Han la vekt på at dei frå kontoret i Rubben har som mål å vera tett på bedriftene og tilgjengelege 24/7.

i4Factory er eit teknologiselskap, som saman med industrien, har utvikla ein autonom maskineringsverkstad på Rubbestadneset. Maskinane les inn teikningar, hentar ut material, og produksjonen av komponentar skjer fullt ut ved bruk av robotteknologi. Kurt Magne Kvernøy fortalde at dei allereie er i full gang med å produsere komponentar for fleire lokale bedrifter.

Masterloop er eit programvareselskap som starta i Stavanger 2013, som no har eit kontor på Rubbestadneset. Selskapet held til i det gamle terminalbygget på hurtigbåtkaien, samen med i4Factory og Marine Manger. Dei leverer B2B industriell IoT-programvare, komponentar og skytenester til profesjonelle på tvers av ulike forretningsområde. Jan Helge Skailand kunne fortelje at dei ønskjer å utvide med fleire tilsette, og er på jakt etter programvareutviklarar lokalt.

Embicon AS, som har både produksjon og kontor i Kompetansegården, utviklar og leverer Embilink – eit web-basert verktøy som samlar driftsinformasjon og gjer den enkelt tilgjengeleg. Systemet lagrar og viser data frå maritime anlegg, fartøy og landanlegg. Lars Magne Endresen tok forsamlinga med på omvisning i lokalene deira, medan han fortalde detaljert om korleis dei jobbar.

Endeleg nedlegging på ekstraordinært årsmøte i mai

Etter bedriftspresentasjonar og omvisninga var slutt, var det og nesten slutt for NMEC òg som foreining. Medlemmane vert kalla inn til ei ekstraordinær generalforsamling for å fullbyrde nedlegginga av foreininga. Me takkar med dette for det gode samarbeidet, og vonar det kjem til å fortsette sjølv om klynga no går inn som ein ordinær del av Bømlo Næringsråd.

Sjå alle nyhende