Lokalt samarbeid for tryggare havbruk

bilde

PRESSEMELDING

Ny rammeavtale mellom Bremnes Seashore og Multisafe: Lokalt samarbeid for tryggare havbruk

Bremnes Seashore har inngått ein ny rammeavtale med det lokale tryggingsselskapet multiSAFE. Avtalen omfattar kontroll og vedlikehald av brann- og tryggleiksutstyr – både på land og til sjøs – og er eit viktig steg i arbeidet med å sikre trygge arbeidsplassar og berekraftig drift i havbruksnæringa.
– Me er opptekne av å ta samfunnsansvar og bidra til lokal verdiskaping. Difor er det ekstra gledeleg å inngå avtale med ein lokal aktør som multiSAFE, seier Simon Nesse Økland, direktør kommunikasjon og samfunnskontakt.

– Dei har vist høg fagleg kvalitet og forståing for dei spesielle behova i havbruksnæringa.
Bremnes Seashore er ein av dei største private arbeidsgjevarane i Bømlo og har vore ein pioner innan berekraftig lakseoppdrett sidan 1930-talet. Selskapet har alltid lagt vekt på lokal handel og samarbeid, og denne avtalen er eit nytt døme på korleis dei styrkjer bandet til lokalsamfunnet. multiSAFE, som har levert tryggleikstenester til industri og maritim sektor sidan 2005, ser på avtalen som ei viktig anerkjenning.
– Denne rammeavtalen byggjer vidare på det gode samarbeidet me har hatt med Bremnes Seashore gjennom fleire år, seier Svein Martens, styremedlem og eigar i multiSAFE. – Det har vore med å utvikla sjølve forretningskonseptet vårt, som me no brukar inn mot mange andre kundar i næringa. Me har alltid vore flinke til å høyra etter kva kundane ynskjer seg, og har bidrege med både forbetringar og forslag til standardisering. Dette er eit samarbeid som har gitt verdi begge vegar – og me er stolte over å få vera med vidare.
Avtalen gjeld fram til 1. mai 2027, med opsjon for forlenging i tre periodar à eitt år. Dette gir fleksibilitet og
langsiktig tryggleik for begge partar.
Avtalen omfattar regelmessig kontroll og vedlikehald av brannsløkkarar, røykvarslarar, redningsutstyr og anna
tryggleiksutstyr ved Bremnes Seashore sine anlegg. Dette er avgjerande for å møte både interne krav og offentlege forskrifter, og for å sikre tryggleik for tilsette og miljø.

Sjå alle nyhende