Frukostmøte med Matre, Servogear og Stord Lufthamn
Forrige veke inviterte Bømlo Næringsråd til frukustmøte saman med Matre, Servogear og Stord Lufthamn i den felles kantina som Matre og Servogear deler i Brubakkjen. Her fekk me servert god frukost av Bralunsj som leverer mat i kantina der til vanleg, samt høyre litt frå kvar bedrift om kven dei er og kva dei driv med om dagen.
Først ut var Matre. Dei har halde på i Brubakkjen i over 70 år, og vart starta som ei knoppskyting frå Wichmann då dei starta med den velkjende Matre-pumpa. I dag er dei ein global leverandør som produserer brannlukkingsutstyr og system. Dei leverer til kundar innan maritim, offshore, fornybar energi og landbasert industri globalt, og deira største marknadar er Europa og Asia.
I juli 2024 vart dei ein del av Firenor International Group, men dei har fortsatt hovudkontor og produksjon på Bømlo. 2025 var for dei eit rekordår både på omsetning og resultat, og dei veks fortsatt og er stadig på jakt etter fleire tilsette. Dei har eit fleirkulturelt arbeidsmiljø, og utdannar eigne lærlingar.
Rett over vegen finn du ei anna historisk bømlabedrift, nemleg Servogear, som har drive med produksjon av framdriftssystem i over 50 år. Servogear er ein verdsleiande produsent og leverandør av vribare propellar og girboksar, og systemet deira finn du på over 1950 installasjonar i heile verda, blant anna på hurtiggåande arbeidsbåtar, passasjerbåtar, offshore supply båtar og yachtar.
I 2022 vart Servogear kjøpt opp av Bertel O. Steen Power Solutions, men dei har fortsatt hovudkontor og produksjon på Bømlo. Dei er stadig på jakt etter fleire tilsette, og er på jakt etter lærlingar innan fleire fag.
Sist ut var Stord Lufthamn, som har vore vår regionale flyplass i over 40 år. Driftsselskapet er eigd av Stod kommune og Vestland fyllkeskommune, og selskapet ufrøer alle tenester på lufthamna, som gjer dei unike i Noreg. Deira mest brukte rute er Osloruta, der DAT flyr 16 rundturar per veke.
I 2025 hadde dei ei auke på nærare 45% passasjerar samanlikna med 2024, noko som kan skuldast at ruta vart ein del av dei statlege FOT-rutene. Dette betyr god frekvens, gode rutetider og konkurransedyktige prisar. Nyleg vart det offentleggjort at dei vart inkludert i anbudet for FOT ruter 2027-2031, noko som er svært godt nytt for flyplassen. Stord Lufhamn er viktig både for privatpersonar og næringslivet i regionen vår, i tillegg til regional beredskap.
Me takkar Matre, Servogear og Stord Lufthamn for eit kjekt frukostmøte, og til alle som kom for å starte dagen saman med oss.
Relaterte bedrifter