Finalistar næringsprisen 2025

bilde

Me kan no avsløre at det kom inn heile 19 nominasjonar til Næringsprisen for 2025. Etter ei grundig vurdering har juryen no plukka ut tre sterke finalistar: Zinus AS, Multisafe AS og LOS Gruppen AS. Gratulerer så mykje til finalistane!

Juryen har bestått av styret i Bømlo Næringsråd saman med årets sponsor for prisen, Nesseplast. Dei tre finalistane representerer ulike bransjar, men har til felles at dei utmerkar seg innan blant anna utvikling, verdiskaping og eit sterkt bidrag til næringslivet på Bømlo. Meir om kriterier for prisen finn du her.

Me gler oss til å kåre vinnaren av næringsprisen på årsfesten til Bømlo Næringsråd 26. mars. Har du ikkje meldt deg på enno bør du gjere det no (frist 19. mars). Meir informasjon om årsmøtet og årsfesten her. Årsmøtet og årsfesten er sponsa av Fylkesnes Fisk.