Frukostmøte om ESG-rapportering i Moster Amfi

bilde

Det var hauststemning om morgonen torsdag forrige veke då dei som kom på frukostmøte i Moster Amfi vart møtt med tende lys, god frukost og varm kaffi.

Bremnes Seashore, sponsor av frukostmøtet, innleia med ei innføring i gjeldande krav til bedrifter frå EU og nasjonale myndigheiter, og kva som kjem i åra framover. Dei har sjølv kome langt på området og har i fleire år ført klimarekneskap allereie, og Laila Knarvik og Andreas Moe Larsen delte erfaringar dei har hatt med dette.

Eidesvik Offshore ved Marie Launes tok så ordet og fortalde korleis dei, i likheit med Bremnes Seashore, allereie har stort fokus på ESG i selskapet. Ho fortalde om aukande krav til rapportering og sterkare fokus frå kundar, både innan miljø og sosiale faktorar. Avslutningsvis delte ho 7 tips på veien:

Einar Almås frå Sparebanken Vest avslutta med å fortelje korleis banken brukar finans som ei drivkraft for berekraftig omstilling, og kva slags følgjer bankens ESG strategi har for deira kundar. Han fortalde om ulike "gulrøter" dei bruker for å få kundane til å gå over på meir miljøvennlege løysingar.

Takk til Moster Amfi for god bevartning, og til Bremnes Seashore som sponsa frukosten og haldt innlegg. Takk til Eidesvik Offshore og Sparebanken Vest som bidrog med sine erfaringar og perspektiv.

Sjå alle nyhende