Bedrifter prega av høge straum- og drivstoffkostnader

bilde
Foto: Nikola Johnny Mirkovic, Unsplash

Me har lese fleire saker i media siste vekene om bedrifter på Bømlo med utfordringar knytt til straum- og transportutgifter. Næringsrådet har hatt ute ei undersøking blant medlemsbedriftene for å betre forstå korleis stoda er. 41 bedrifter frå 11 ulike næringsområde har svara på undersøkinga, og oppsummert kan det seiast at halvparten av bedriftene merkar det godt.

Over halvparten av bedriftene som har svara, fortel at drifta vert påverka av høge straumprisar. Berre tre av respondentane kvalifiserer til straumstøtte slik ordninga er foreslått. Like mange bedrifter opplever i dag fleire konsekvensar som følgje av høgre drivstoffprisar, enten direkte eller som følgje av høge transportutgifter, og 70 % av desse har òg krevjande dagar som følgje av dei høge straumprisane.

- Me ser at straumkostnadane har gått vesentleg opp for bedriftene, sjølv om forbruket på same tid har gått ned. Ei av bedriftene våre har gått frå at mindre enn 1 % av omsetninga er straumkostnader, til at tett på 4 % av omsetninga går med til straum. Dette sjølv om omsetninga er ganske lik i same periode, og bedrifta samstundes har redusert straumforbruket betydeleg, fortel dagleg leiar Nina Ingvaldsen i Bømlo Næringsråd.

Fleire av bedriftene peikar på at kostnadane reduserer konkurransekrafta, og fører til at fleire bedrifter ligg an til underskot i år. - Slike tilbakemeldingar uroar oss i næringsrådet, fortel Ingvaldsen.

Mange bedrifter har allereie investert mykje i energieffektivisering

Mange av bedriftene som har svara, peiker på at dei har gjennomført alle energisparande tiltak dei har identifisert. Alt frå å skru av lys og senke temperaturen inne, til installasjon av LED-lys, varmepumper og solcellepanel. Vidare tiltak vil vere delvis eller heil nedstenging av bedrifta. – Me er redd at om ikkje straumstøtteordninga til bedriftene treff godt nok, så vil fleire bedrifter gå konkurs før vinteren er omme, grunna høg straumpris i vår region.

I høve straumstøtteordninga foreslått, er det mange bedrifter som svarar dei fell utanfor ordninga, i tillegg til at den vert opplevd som byråkratisk og tungvindt. Det herskar òg stor usikkerheit korleis ei ordning for fastpris for straum vil fungere for bedriftene.

– Det er viktig at det kjem ei enkel og sjølvforklarande løysing der bedriftene kan gå inn å søkje straumstøtte. Me treng og at styresmaktene er tydelege på kva planane for fastprisregimet går ut på. Me i bransjen har enda ikkje fått informasjon som tilseier at me skal kunne tilby gunstigare fastprisprodukt etter nyttår, fortel dagleg leiar Tor Bjarne Smedsrud i Finnås Kraftlag.

– Så snart ordningane er vedtatt, vil me i Finnås Kraftlag forsøkje å lage ei forklaring for våre kundar på korleis ein kan gå fram for å få tilgang til straumstøtteordningane.

Høge drivstoffkostnader reduserer konkurransekrafta

Når det gjeld drivstoffprisane, er det to historier som går att. Transportørar som må setje opp prisane som følgje av høgre drivstoffkostnader, og kundane som må auke kostnader på sine produkt som følgje av at transportkostnadane går opp. Andre har ikkje marknad til å setje opp prisane, og får lågare marginar, medan andre ser seg nøydde til å permittere tilsette om det ikkje blir stabilt lågare prisar på drivstoff framover. – Me har òg bedrifter som risikerer å gå konkurs om drivstoffprisane fortset å vere på det nivået dei er i dag, fortel Ingvaldsen.

- Det er fort gjort å tenkje at ein kan auke prisen på produkt og tenester når transportkostnader går opp, men det er ikkje alle som kan det. Noreg har vore konkurransedyktige på mange område sjølv om me har høgt lønnsnivå sett opp mot konkurrentar i utlandet, fordi me nettopp har hatt stabilt låge prisar på straum, og stabile prisar på drivstoff. No er desse konkurransefortrinna vekke, og då ser me at me har store utfordringar med å vinne fram i konkurransen med lågkostland.

Det er òg særleg utfordringar for dei som driv innan handel og service. Bruk av lokale butikkar og tenster er viktigare enn nokon gong. – Å handle lokalt bidrar til å byggje opp under lokale arbeidsplassar. I vinter er den lokale handelen viktigare enn nokon sinne, og me håpar både bedrifter og innbyggjarar i enno større grad enn vanleg gjer innkjøpa i kommunen, oppmodar Ingvaldsen til sist.

Sjå alle nyhende