Auka aktivitet og optimisme i byggenæringa på Bømlo

bilde
Foto: Kr Steinsbø og Steinsbø Hus sine lokaler i Hollundsdalen

Dei er begge to tilsette som nye daglege leiarar, møt Linn Kristin Hille Steinsbø, dagleg leiar i  Kr. Steinsbø AS , og Thomas Nygård dagleg leiar i Steinsbø Hus AS. Geir, som er fjerde generasjon i selskapet, jobbar no
med tomte- og prosjektutvikling.

Fra v; Linn Kristin Hille Steinsbø, Geir Steinsbø og Thomas Nygård viser stolt fram litt av den store og flotte kjøkkenavdelinga.

Bømlo Næringsråd har teke turen til Hollundsdalen og til det tradisjonsrike firmaet Kr. Steinsbø AS for å helse på ny dagleg leiar Linn Kristin, som nyleg har tiltredd som leiar i selskapet. 

Det er travelt men kjekt å driva eit 116 år gammalt byggjevarefirma. Eg er heldig som har så dyktige og erfarne kollegaer med meg på laget, fleire av dei har vore ansatt her i over 30år. Me har og trufaste kundar som daglig er innom for å drikka ein kopp kaffi og slå av en byggeprat, seier Linn Kristin. 

Videre fortel ho at dei nettopp har pussa opp
kjøkkenavdelinga og hatt jubileum kor dei feira 30år som leverandør av Drømmekjøkkenet. Bømlingar og Stordabuar er glad i å pusse opp så det ha vore
ein del bad, garderobar og kjøkken som har gått ut i det siste. 

Hos XL-BYGG Kr. Steinsbø får du alt du treng
til ditt byggeprosjekt frå gode råd til komplett byggjesett. Du kan og leiga inn utførande som saman med interiørkonsulent tar heile prosjekt for deg, dei
kallar det Klappet&Klart. Linn Kristin fortel at det er mange som nyttar seg av dette konseptet, det er enkelt og ein får jobben gjort av profesjonelle lokale handtverkerar.

Linn Kristin meiner at samarbeid mellom dei lokale verksemdene på Bømlo er viktig. Me ønsker å bruka lokale på utførande arbeid og er glad for at me har mange gode næringskundar rundt oss i distriktet. Dette er svært viktig for oss. 

Thomas Nygård er nettopp starta i ny jobb som leiar i Steinsbø Hus AS, han har overtatt stafettpinnen etter Hans Magne Stokka som fortset som prosjektutviklar i selskapet. 

Thomas har allsidig erfaring blant anna frå Aker men er ny i trelastbransjen. Han er i full gong med å sette seg inn i drifta og er nøgd med fleire nye og store bygge prosjekt. Me har fleire bein å stå på og me ser lyst på framtida. Dette sikrar oss stabilitet og forutsigbarhet.

Me har fått kontrakten på å bygge Aksdal brannstasjon i Tysvær, og lokalt så har me fått utbygginga på Viergo. I tillegg har tomtesalet i Stavlandskleivane starta og me merkar no at det er auka pågang frå folk som ynskjer å etablera seg på Bømlo og vil ha nytt hus. Selskapet ser
og ein trend med Stordingar som vil busetta seg på Bømlo, fortel Thomas. 


Sjå alle nyhende