Zinus viser vegen for grøn industri frå Bømlo
Frå Bømlo til internasjonale marknader:
Zinus er eit døme på korleis lokal teknologiutvikling kan få global rekkevidde.
Under Bømlakonferansen vert selskapet trekt fram som ein del av det sterke og
framtidsretta næringslivet på øya.
Zinus vart etablert i 2018 og har hovudsete på Bømlo. Selskapet utviklar løysingar for elektrifisering og landstraum, og opplever no aukande etterspurnad frå marknader som i større grad stiller krav til utsleppskutt og grøn omstilling.
I 2025 etablerte selskapet sals- og servicekontor både i Italia og i Seattle. Det amerikanske kontoret skal mellom anna bidra til at produkta kvalifiserer for «Made in the USA»-krav. Samstundes peikar Zinus på at nytt regelverk i både USA og Europa driv fram meir elektrifisering i shipping- og hamnemarknaden.
Tunge eigarar og nye marknader
Med Hartree Partners inn på eigarsida har Zinus fått endå sterkare internasjonal tyngd. Hartree er eit globalt råvarehus med særleg kompetanse innan energi, og skal bidra til å akselerere utrullinga av Zinus-teknologien i globale shipping og energiinfrastrukturmarknader.
Selskapet har også teke steg inn i nye marknader, mellom anna havbruk, og har inngått kontrakt med Mowi. Det viser korleis teknologien frå Bømlo kan brukast på tvers av næringar der energiløysingar, driftstryggleik og utsleppskutt vert stadig viktigare.
Zinus har vakse raskt sidan oppstarten, og har no 81 tilsette. Veksten skaper òg behov for meir plass, og illustrerer både moglegheitene og utfordringane som ligg i å byggje teknologibedrifter med internasjonale ambisjonar frå Bømlo.
På Bømlakonferansen møter du Bjørn Sturle Hillestad, Visepresident for sal og marknadsføring i Zinus, som vil fortelja meir om selskapet. Har du lyst til å vita meir, kan du melda deg på Bømlakonferansen her:
Relaterte bedrifter