Verdsleiande frå Bømlo

bilde
Foto: Randi Olsen

Gitte Gard Talmo (49) har vore innom dei fleste avdelingane hos Eidesvik frå ho starta som sekretær for kring 20 år sidan. No er ho toppsjef, men seier ho først og fremst er lagleiar.

- Ja, det er det ingen tvil om. Skulle eg ha sete på toppen med ansvaret heilt åleine, hadde eg ikkje fått sove eit sekund. Men me er eit team av dyktige og flotte medarbeidarar i den store Eidesvik-familien, frå botn til topp, som dreg lasset saman, seier ho.

Gitte Talmo illustrerer samhaldet og den gode Eidesvik-kulturen i konsernet mellom anna med pandemien som dei nett har vore gjennom. – Me var på veg oppover etter kollapsen i olje og offshore-næringa i 2014, då Covid-brottsjøen kom over oss 12. mars 2020. Du kan jo tenkje deg sjølv, med sjøfolk ute i fleire verdsdelar som hadde sine turnusar, og som skulle heim og/eller ut, men som måtte i karantene både på utreise frå Noreg, på innreise til det landet der båten låg, med ulike lands restriksjonar som skifta frå månad til månad: Me hadde ikkje ein einaste Covid-relatert time nede-tid i konsernet, verken på sjø eller land, sjølv om dei fleste fekk snudd arbeidskvardagen sin på hovudet. Det skuldast eine og aleine lojaliteten og kulturen og samhaldet i den store Eidesvik-familien. Dette hadde jo også konsekvensar for dei som sat heime og venta, som måtte gjere om på sine planar når ikkje sjømannen/kvinna kom heim når hen skulle og eg bøyer meg i støvet for heile gjengen for måten dei takla dette på, seier Talmo og trekkjer pusten.

Tida var inne

Gitte Talmo fortel at ho er haugesundsjente, som kom til Bømlo saman med mannen sin, som hadde fått seg jobb i eit anna firma her. Ho fekk jobb hos Eidesvik, dei fekk etter kvart to barn og familien etablerte seg på Langevåg. Då ho sa ja til toppleiarjobben kom ho frå stillinga som marknadsdirektør. – Kvifor eg sa ja? Det laga seg slik no når Jan Fredrik (Meling) skulle pensjonera seg, at eg følte meg klar. Døtrene mine er no 16 og 21 år og er på veg ut av reiret. Den eine er ute og reiser i verda før ho held fram med studier og den andre går på vidaregåande i Haugesund og bur der. Når så sjansen baud seg så var eg klar. Talmo seier ho kjenner «huset» godt, og har stor respekt for alle som jobbar i konsernet, både på land og til sjøs. Ho vedgår også at det har vore ein draum å få leia ei bedrift frå toppen, og no fekk ho sjansen. – Eg kjende meg klar, men det er med stor ærefrykt og audmjuke, og eg har allereie fått brynt meg på fleire felt. Men her er eit godt og særs kompetent team som dreg lasset saman.

Talmo tenkjer som leiar at det er viktig for alle å utvikla seg. Det gjeld alle medarbeidarane i konsernet. – Det er viktig at alle blir sett og at kvar og ein får utvikla sitt potensiale på best mogeleg måte. Her er også ei spesiell fellesskapskjensle i konsernet, som kom særleg fram under pandemien som eg fortalde om. Og i Eidesvik passar me på kvarandre og tek vare på kvarandre når situasjonen krev det, seier ho.

Tilsette er nøkkelen

Fram til 2014 var det gode tider for olje- og offshore-bransjen, også for Eidesvik. Det var godt om jobbar, og selskapet gjekk så det suste. Så kom krisa i bransjen og det vart tøffe tider med opplag og nedbemanning. – Me gjekk på veggen og inn i svarte natta, kallar ho den tida. Men organisasjonen har ein god eigenskap, dei snur seg og stiller om viss og når det trengst. Og det gjorde dei no. Mange på huset har erfaringar frå ulike stillingar kan flexa om det trengst. Me sette organisasjonen i forhold til strategien, held fram jobben med det grøne skiftet og var sakte, men sikkert på veg oppover. Me såg lysare tider i marknaden og optimismen var stor, då eit visst virus stengde landet ned 12. mars 2020. Dei fleste fekk arbeidsdagen snudd opp ned, men igjen kom den gode Eidesvik-kulturen fram. Den ligg i botnen og har nok verkeleg vore med og hjelpt til med å halda hjula i gang gjennom dei to siste åra, seier Talmo.

Gode framtidsutsikter for ungdom

Gitte Talmo opplyser at dei i hovudsak har norske sjøfolk om bord i dei av Eidesvik-skipa som opererer på norsk sokkel. På skip som opererer internasjonalt er gjerne offiserane norske, medan resten av mannskapet er internasjonalt. – Kva vil du seie til ungdommar som ynskjer å reise til sjøs, er det ei framtid for norske ungdommar på sjøen? - Me treng alltid kompetente folk, anten det er sjøfolk eller andre, seier ho. - Per i dag har norske reiarlag 150 tomme læreplassar, som dei ikkje får lærlingar til. Me vil gjerne ha ungdommane inn, og ser gjerne at dei vert Eidesvik-kulturberarar på sikt. Det er mange høve til å gjera karriere i reiarlaget på søre Bømlo, opplyser ho. Heile ni prosent av dei tilsette i reiarlaget i 2021 var lærlingar. Læreplassane er i fleire fag, og dei lyser etter lærlingar i desse dagar. - Det er mange og gode muligheter for dei unge i dag, seier Talmo. Eidesvik har hatt eit tett og godt samarbeid med yrkesskulen i Rubbestadneset i mange år, og gler seg over at skulen vert vidareført i det nye forskings- og utviklingssenteret som veks fram i Rubbestadneset.

Banebrytande og verdsleiande

I 2009, på Klimatoppmøtet i København, vart Eidesvik-reiarlaget for alvor verdskjend for miljøsatsing og grøn teknologi og utvikling då Eidesvik-skipet «Viking Lady» var til stades og representerte framtida. Mellom anna fekk ho montert første generasjons brenselscelle ombord, ein banebrytande ny teknologi med målsetjing om å redusere miljøutslepp frå skipsoperasjoner. Nokre år før, i 2004, vart eit anna Eidesvik-skip, «Viking Avant» kåra til Årets skip på den internasjonale shippingmessa i Hamburg på grunn av nytenking og banebrytande skipsdesign for såkalla PSV-skip (Platform Supply Vessel). Tradisjonelle forsyningsskip vart bygde med styrhus framme og arbeids- og lastedekk bak, medan «Viking Avant», som vart designa av Vik-Sandvik på Fitjar, vart bygt med lastedekk framme og styrhus bak. Det var også ei rekkje andre tekniske forbetringar, mellom anna større lastekapasitet, redusert støy og enklare manøvrering. Også i 2013 vart eit Eidesvik-skip kåra til Årets skip, «Seven Viking». Alt dette føyer seg inn i rekkjene av eit framoverlent og banebrytande reiarlag, som ifølgje den nye administrerande direktøren ber med seg den gode Eidesvik-historikken og -kulturen, og særs dyktige, risikoviljuge og framsynte tilsette.

Eidesvik-skipet ruvar godt i landskapet det det ligg ved kai heime i Langevåg.

Foto: Eidesvik-skipet ruvar godt i landskapet det det ligg ved kai heime i Langevåg.

Første i verda

I dag er det tre hovudprosjekt som er viktige og spennande for Eidesvik. – Alt i 2003 vart det første naturgassdrivne offshoreskipet bygt av Eidesvik, «Viking Energy». No skal skipet gjennom Ship FC prosjektet få montert ei stor brenselscelle driven av ammoniakk som er framstilt ved hjelp av fornybar energi. Det blir det første offshoreskipet i verda som kan segla lange avstandar utan utslepp av klimagassar, seier ei stolt Talmo. Ho opplyser at dette er eit samarbeidsprosjekt med blant anna Equinor, Wärtsilä og Maritime CleanTech og at skipet skal vera i drift på ammoniakk i 2024. Dei har fått 100 millionar kroner i støtte frå EU til ombyggingsprosjektet.

I tillegg har dei eit samarbeidsprosjekt gåande med Aker BP som også går på å redusera utsleppa frå fleire forsyningsskip med minst 70 prosent ved hjelp av brenselscelle teknologi. – Det siste større samarbeidsprosjektet er Apollo-prosjektet me har inngått med Wärtsilä Norway AS, som inneber at forbrenningsmotorar på eitt av våre farty skal byggjast om til å kunne operera med ei drivstoffblanding med 70 % ammoniakk. Dette vil også bli den første i sitt slag på verdsbasis, og ei slags månelanding som skal vera ferdig i 2024, opplyser Gitte Gard Talmo.

Målet for den nye adm. dir-en er klart: Eidesvik skal vera heilt i tet på grønt skifte og ta med teknologiske løysing inn i nye marknader, til dømes havvind som er ein marknad i vekst. – Det er tøft å vera først ute, men historikken me har med oss, gjer oss godt posisjonert. Det er meir aksept for å satsa på nye løysingar og ny teknologi. Me har som mål å halvera utsleppa våre innan 2030. Det er ambisiøst, men med Eidesvik-kulturen og –historikken i botn er eg ikkje i tvil om at me vil lukkast, slår den nye administrerande direktøren, Gitte Gard Talmo fast.

Sjå alle nyhende