Utvikling gjennom samarbeid

bilde

Bømlo næringsråd har siste vekene vore på besøk til næringsaktørar på Moster og Langevåg, for å høyre korleis det går, kva planar ein har, og kva næringsrådet kan bidra med.

På Moster møtte næringsrådet mellom anna Aasen Shipping og Hans Martin Torkelsen. Dei har nyleg flytta inn i eit flott nybygg på Dalaneset, og utviklar bustadar i sjøkanten like ved. Torkelsen fortel korleis dei har lukkast med prosjekta gjennom samarbeid med ein annan aktør frå Bømlo, nemleg Hans Oskar Vikse i Moster Partner, som òg var samarbeidspartnar når dei bygde Kiwi-butikken i Mosterhamn.

Viktig å tenka heilskap

– Det å utvikle Mosterhamn til å vere eit sterkt senter for Moster, med offentlege tenester, butikkar, kafé, anna næringsliv og bustadområde, er svært viktig for at Moster skal vere ei sterk bygd òg i framtida, fortel Torkelsen. Dei har hatt dialog med arkitektar som har sett på heilskapen Mosterhamn som delsenter, og som har peika på at fortetting er viktig. Prosjekta Aasen Shipping har gjennomført på Dalaneset, med næring og bustad tett på kvarandre, er i tråd med arkitektane sine tilrådingar.

Aasen Shipping er òg del av Moster eigedom, som saman med Caiano Eigedom, Laastad Invest og eit par andre investorar, utviklar næringsområdet på Serklau. ScaleAQ som leigetakar veks seg stadig større inne på området. Vidare har Aasen Shipping solgt sitt gamle kontor på Serklau til Bremnes Seashore. – Det å legge til rette for at næringsaktørar som driv havbruk no er tett på kvarandre på Serklau, vil gjere det attraktivt for andre aktørar innan næringa å etablere seg der, seier Torkelsen, og legg til at næringsdrivane innan andre området òg sjølvsagt er hjarteleg velkomne. Bømlo næringsråd er i alle fall trygg på at dei som kjem til Mosterhamn for å etablere bedrift, vil bli teken godt i mot.

Samling og samhandling

På Langevåg er næringslivet òg svært opptekne av at nærings- og samfunnsutvikling går hand i hand, og dei har mange spanande samarbeidsprosjekt på gong, og ønskjer å få til enno meir. Bømlafjorden Maritime Senter er eitt av prosjekta de får lese om i dette nyheitsbrevet, og så blir det meir å lese i framtidige nyheitsbrev. For ein ting som er klart for Bømlo næringsråd etter besøkja på Moster og Langevåg, er at ei av dei viktigaste oppgåvene til næringsrådet det komande året, er å samle næringsaktørar i dei ulike delsentera i kommunen, la dei bli betre kjende med kvarandre, og få informasjon ut til heile næringslivet i Bømlo kva som rører seg på dei ulike stadane.

Så følg med i dei kommande nyheitsbreva for å lære meir om det framoverlente, varierte og rike næringslivet som finnes her på Bømlo, samt få informasjon om arrangement og andre hendingar me legg opp til. Og hugs – det er dine innspel som er med og formar kva næringsrådet skal drive med, så nøl ikkje med å ta kontakt!

Sjå alle nyhende