Uttale vedkommande FOT-rute Stord-Oslo

bilde

Stord, Kvinnherad og Bømlo Næringsråd har skrive ein felles uttale om FOT-ruta Stord-Oslo, som kan lesast under. I tillegg har Bømlo Næringsråd i dag vore på besøk på Stord Lufthamn saman med Ordførar i Bømlo Morten Helland, for å få ei orientering om FOT-ruta og flyplassdrifta.

Stord flyplass fyller i år 40 år, og 25. oktober feirar dei jubileum. I år kjem dei til å frakte over 50.000 passasjerar via Stord Lufthamn. Selskapet har 20 tilsette, og desse utfører alle tenestane på lufthamna inkludert security og lufttrafikkteneste. Drifta av Stord Lufthamn er såleis heilt unik i Noreg. Stord Lufthamn AS står for drifta, og er eigd av Stord Kommune (79%), og Vestland Fylkeskommune (21%). Stord Kommune eig arealet som lufthamna ligg på.

Uttale:
Flyruta Stord-Oslo kom inn på FOT-rutekontrakt 1. april 2024. Tidlegare har flyselskapa, i dei seinare år DAT, drive ruta på eigen risiko. Krevjande økonomi samt utfordringar som følgje av pandemien, gjorde at det var få rotasjonar på ruta. For næringslivet er det viktig med mange rotasjonar i veka og på dei rette dagane for å sikre at flyruta er hensiktsmessig.

Flyruta Stord-Oslo har i dag godt belegg, med kabinfaktor på 73%. DAT nyttar flytypen ATR-42 med 48 seter og flyg 16 rundturar pr veke på ruta. Anbodskravet i gjeldande konsesjon var 12 rundturar pr veke og 36 500 seter i kvar retning. Grunna den høge kabinfaktoren og setekravet har flyselskapet måtta auka talet på rundturar.

Som følgje av FOT-ordninga er det i dag 2 rundturar måndag og søndag, 3 rundturar tysdag til fredag og ingen flygingar laurdag. Rutene måndagar og søndagar er ofte heilt fulle. Lufthamnselskapet hadde eit mål om å komme opp i 45 000 reisande i 2027, men ser at etter berre 12 månader med FOT-rute er passasjertalet 45 504. Justert mål for 2025 er no 45 000.

Næringslivet på Stord og kommunane rundt nyttar i stor grad Stord Lufthamn når det er mogleg. Effekten av at flyruta Stord-Oslo er komen inn som FOT-rutekontrakt kan ikkje undervurderast. Det er fleire rotasjonar og vesentleg høgare passasjertal no enn tidlegare.

For næringslivsreisande har det stor verdi å kunne reise med fly frå Stord og vere klar til møtestart i Oslo sentrum kl 09:00. Ved heimreise er ein tilbake på Stord og har kort veg til bustad. Reise på ein dag, framfor å måtte legge til minst ein reisedag og tilhøyrande overnatting er både kostnadssparande og effektiv tidsbruk.

På same måte er det ein stor styrke for næringslivet på Stord at tilkomsten frå hovudstaden er så enkel. Vi har eit rikt næringsliv med mange verksemder som har bruk for å få inn både arbeidarar, samarbeidspartnarar og kundar. Effektiv reise til og frå Oslo, og dermed vidare ut i verda, er viktig for å halde oppe konkurransekrafta i næringslivet. Ei reisetid på om lag 2 timar frå Stord og nabokommunane Kvinnherad, Bømlo og Fitjar til hovudstaden har stor verdi for både næringslivet og folk elles.

Vi registrerer at Oslo Economics har laga rapporten «Kostnader og mulige tiltak for et meir effektivt regionalt flytilbud». Det ser ikkje ut som om denne rapporten tar inn over seg realitetane ved Stord lufthamn. Lufthamna her er ikkje eigd av avinor, med driv som eige AS. Dermed vil ikkje «sparing» ved å legge ned på Stord komme nokon andre til gode. Vidare har Stord Lufthamn vesentleg lenger rullebane enn dei lufthamnene på kortbanenettet og har stor fleksibilitet i kva type fly ein kan ta ned.

Næringslivet i Sunnhordland er godt nøgde med Stord lufthamn og flyruta Stord-Oslo slik den er no. Lett reiseveg og kort tidsbruk til hovudstaden er med på å bygge ned konkurranseulempene ein har ved geografisk lokasjon. Næringslivet ønskjer ei vidareutvikling av tilbodet på lufthamna og då er dei ein føresetnad at FOT-ruta Stord-Oslo vert vidareført og helst auka opp i frekvens og setekapasitet.

Sjå alle nyhende