Utdanningsmessa 2026
Utdanningsmessa 2026
På Vikhaugane på Stord møtest ungdom og
lokalt næringsliv til ei inspirerande utdanningsmesse. Elevane kjem i bussar
frå skulane i regionen organisert av Rotary. Nokre av elevane veit kva dei vil,
mens andre nyttar høvet til å snakka med ulike verksemder og vidaregåande
skular.
Arnhild-Tveita Larsen i Bømlo Opplæringskontor organiserer og fasiliterer Bømlagata som har fått kremplassen midt i hallen. Også i år var det yrande liv i gata begge messedagane.
Bømlagata
I år har heile tolv bedrifter – inkludert Bømlo vidaregåande skule – fått sin eigen plass i den populære Bømlagata 2026.Med kreative stands, dyktige tilsette, lærlingar og elevar, lokkar og sjarmerar dei ungdommane med alt frå reklameartiklar til spennande konkurransar. Her er det god stemning, latter og glimt i auga ,alt for å senke terskelen og gjere det lettare å ta kontakt.
Ein ekstra spiss får arrangementet gjennom Bømlabingoen, der elevane får utdelt eit ark der alle bedriftene frå Bømlo står. Elavane må oppsøke dei ulike bedriftene for å samle stempel og kunnskap.Dette gjer at me får elevane ut til våre lokale bedrifter, forklarer Arnhild. Når dei kjem tilbake med utfylt bingoark, ventar moglegheita til å vinne i
loddtrekning eit gåvekort frå Elkjøp. Fleire hundre elevar kasta seg på og deltok med iver.
Det er Stord Rotary Klubb som står bak utdanningsmessa kvart år . Utdanningmessa er eit ekte dugnadsprosjekt. Etter 34 år er vi blitt ein effektiv og samspelt gjeng, fortel tidlegare rådmann i Bømlo, Sverre Olav Svarstad med eit smil.
Bedriftenesom deltok frå Bømlo på årets utdanningsmesse er LOS Elektro, LOS Marine, Wärtsilä, Eidesvik Offshore, Bremnes Seashore, Bømlo Kommune, Smart
Automation Siemens Energy, Matre, Multisafe, Bømlo vgs, avd. Leite og avd. Rubbestadneset samt Bømlo Opplæringskontor.
Nedanfor finn du ei rekke med billeder frå utdanningsmessa