Uroa over auka kraftkostnadar for næringslivet
Auka kraftkostnadar i næringslivet
Finnås Kraftlag ved adm. dir. Tor Bjarne Smedsrud uttrykker aukande uro
for den lokale kraftsituasjonen. Selskapet peikar på at bedrifter ikkje har
straumstøtteordning (norgespris) på straum, noko som kan føre til betydelege
utslag for konkurransekrafta framover. I tillegg fryktar dei ein vår med høgare straumprisar grunna langvarig kaldt og tørt vær som gir låge magasin og lite snø i fjella, noko som vil råke næringslivet som ikkje har støtteordningar.
Høge systemkostnadar hos Statnett bidregytterlegare til aukande nettleige. Mykje uregulert kraftproduksjon og endra flyt i straumnettet gjer at Statnett sine kostnadar for å sikre drifta av systemet aukar.
Det er dei lokale toppane i forbruket som påverkar kva Bømlo kraftnett må betale i nettleige til Fagne/Statnett. Me ser at desse toppane har auka grunna kaldt vær, og dette medfører endå høgarenettleige i framtida, og denne kostnadsauken vil komme på toppen av dei høgeenergikostnadane. Denne utviklinga kan bli utfordrande for næringslivet, seier Tor Bjarne Smedsrud.
– Manglande støtteordningar for næringslivet er ei sak som bør løftast inn i møte med stortingsbenken, er meldinga frå Finnås Kraftlag.
Bømlo Næringsråd jobbar no med å identifisere konkrete aksjonspunkt for korleis utfordringane kan løftast vidare regionalt og nasjonalt. I mars skal næringsrådet saman med Næringsalliansen til Stortinget, og vil då løfte dette til Stortingspolitikarane våre.
Eit sentralt behov er forenkling av regelverket hos både NVE og Statsforvaltning. Statnett må og auke farten på sine utbyggingsprosjekt. Dagens prosessar for å bygge ut linjenettet er omfattande, tidkrevjande og svært dyrt, noko som hindrar nødvendig utvikling i
kraftinfrastrukturen.
Det positive er at me har fått auka effektgrense frå 1 MW til 5 MW på Stord Trafo, slik at kraftkrevjande industri på Bømlo har same moglegheit for kapasitet som resten av landet, fortel Tor Bjarne Smedsrud.
Dagens situasjon viser ei tydeleg ubalanse mellom kraftbehov, prisnivå og kapasiteten i nettet. Dette påverkar både etablerte bedrifter, nye prosjekt og regionens evne til å halde på og tiltrekke seg næringsverksemd.Bømlo Næringsråd vil framover arbeide tett saman med Finnås Kraftlag, næringslivet og politiske aktørar for å sikre betre rammevilkår og ei meir føreseieleg kraftframtid.
Finnås Kraftlag er ein av gullsponsorane til Bømlo Næringsråd, deira bidrag er med på å sikre drift av BN.
graf av den hydrologiske situasjonen slik den såg ut i veke 5 i vårt prisområde.
Relaterte bedrifter