Bømlo U37 Kick-off på Kulleseidkanalen

bilde

Fredag 2. juni var det endeleg duka for kick-off for det nystarta initativet Bømlo U37. 65 deltakarar hadde sikra seg billett og tatt turen til Kulleseidkanalen.

Etter litt pizza og mingling, tok Mari Pedersen Totland ordet for å ønskje velkommen til arrangementet og fortelje litt om Bømlo U37. Ho fortalde at dette berre er det første av fleire planlagte arrangement framover, og understreka at dette er ein arena for absolutt alle som ønskjer, sjølv om målgruppa er dei på Bømlo under 37 år.

Engasjerte innleggshaldarar
⁠Første innleggshaldar ut var Heine Larsen. Han introduserte seg sjølv som ein ekte "bømlagut", og fortalde om korleis han enda opp på barnehagelærarstudiet, kvifor han og familien flytta heim igjen til Bømlo, og korleis det er å vere styrar i Espira Salomonskogen. Han delte også nokre tankar rundt det å vere engasjert i lokalsamfunnet, og framsnakka dugnadsånda på Bømlo. Til slutt gav han eit lite "stikk" til det såkalla "bygdadyret" som er eit hett tema i desse dagar. "Bygdadyret er for generasjonane før oss!"

⁠Ordet gjekk så vidare til Susanne Nordvang Nesse. Ho fortalde om jakta etter det å "lande litt", om det å skape sin eigen arbeidsplass, og at dette fortsatt er ei pågåande reise. Susanne ønskjer å bruke erfaringar frå utfordringar ho sjølv har kome ut av til å hjelpe andre, og jobbar no som sjøvstendig kost- og livsstilskonsulent hjå Nemus Bømlo. Ho enda med ein liten oppfordring til alle i salen. Dersom du ønskjer å starte noko eige eller har ein draum du sit inne me: "Berre gå for det! Du har så innmari lov!"

Quizkamp og nettverking utover kvelden
⁠Kveldens quizmaster Marthe Stautland fekk så ordet. Ho hadde testa ut quizen på far sin, men meinte at gjennomsnittsalderen i salen gav oss betre forutsetingar til å kunne svare på spørsmåla. Etter tre intense rundar kunne vinnarlaget sprette boblene. Musikk og diskolys vart så satt på for å sette stemninga for resten av kvelden.

Fleire tok turen Kulleseidkanalen då dørene vart opne for alle ved programslutt, og den gode stemninga heldt seg heilt til stengjetid. Styringsgruppa i Bømlo U37 vil takke Kulleseidkanalen Gjestehamn, innleggshaldarar, quizmaster og ALLE som kom og delte denne kvelden med oss. Me vil òg gje ein ekstra takk til sponsor Siemens Energy. Invitasjonar til neste arrangement kjem rett over sommaren!

Meir info om U37 kan du finne her. For spørsmål, kontakt leiar for U37 på mari@bomlonr.no.

Sjå alle nyhende