U37
Næringsrådet ynskjer å gjera det meir attraktivt for unge å arbeide på Bømlo, og har difor gått i gong med å skape eit fagleg og sosialt nettverk der ein kan møtast på tvers av fag og bransjar. Hovedmålgruppe er dei under 37 år, men arrangementa er sjølvsagt opne for alle.
U37 Bømlo er eit nyoppstarta initativ i Næringsrådet. Første samling blir eit kick-off på Kulleseidkanalen 2. juni 2023 - meir informasjon om dette her: https://fb.me/e/16Acdwisg
Mål med U37
Gjere Bømlo meir attraktivt for unge arbeidstakarar
Vera ei stemme i samfunns- og næringsutvikling på Bømlo
Vera ein platform som tilrettelegger for sosiale og faglege arrangement
Har du spørsmål om U37 eller innspel til kva me kan arbeide med, ta kontakt med prosjektleiar Mari på mari@bomlonr.no.