Tryggleik og beredskap i fokus på frukostmøte hos Finnås Kraftlag

bilde
Foto: 50 deltakarar som nyt ein god frukost med påsmurt frå Viergo

Kor godt rusta er me når samfunnet blir råka av digitale angrep, straumbrot, ekstremvêr eller andre kriser? Det var det overordna temaet då Finnås Kraftlag saman med Haugaland Kraft, Fagne og Endra inviterte til frukostmøte om tryggleik og beredskap.

Om lag 50 deltakarar fekk høyre frå flinke fagfolk som delte kunnskap om dagens trusselbilete, digital sikkerheit og korleis både næringsliv og samfunn kan byggje større robustheit i møte med framtidige utfordringar.

Tor Bjarne Smedsrud frå Finnås Kraftlag ønskjer velkommen

Eit meir komplekst trusselbilete

Deltakarane vart introdusert til fire overordna truslar som samfunnet må vere budd på: fysiske tilsikta handlingar, klimarelaterte hendingar, cyberoperasjonar og etterretningsoperasjonar.

Bodskapen var klar: Beredskap handlar ikkje lenger berre om å førebyggje fysiske hendingar, men i stadig større grad om å sikre kritisk digital infrastruktur og viktige samfunnsfunksjonar.

IT-sjef Tore Skogøy frå Haugaland Kraft viser fram HMS-sliden som dei alltid har med i presentasjonar

Digital tryggleik er eit leiingsansvar

Representantar frå Haugaland Kraft og Fagne presenterte korleis dei arbeider med digital sikkerheit og beredskap. Mellom dei viktigaste tiltaka som vart framheva var bruk av tofaktorautentisering, sikre og testa backup-løysingar, opplæring av tilsette og etablering av ein sterk sikkerheitskultur.

Det vart understreka at digital tryggleik ikkje berre er eit IT-ansvar, men eit leiingsansvar. Verksemdene må ha eigne beredskapsplanar, dedikert personell og klare roller dersom ei uønskt hending skulle oppstå.

Deltakarane fekk også innblikk i Nasjonal tryggingsmyndigheit sine grunnprinsipp for både fysisk og digital sikring. Eit særleg viktig poeng var korleis menneskelege feil framleis er blant dei største sårbarheitene innan digital tryggleik, noko som gjer opplæring og bevisstgjering til avgjerande tiltak.

Jone Tonning, Nettverksingeniør i Haugaland Kraft Fiber

Systematisk beredskap gir resultat

Gjennom presentasjonane vart det vist korleis strukturert beredskapsarbeid bidreg til trygg drift. God dokumentasjon, tydelege rutinar og prosessar, samt jamlege beredskapsøvingar, vart løfta fram som sentrale element.

Som døme viste Fagne til ein oppetid på heile 99,999 prosent så langt i år, noko som illustrerer verdien av langsiktig og systematisk arbeid med robustheit og beredskap.

Driftsleiar i Fagne Torgeir Våge

Energilagring og framtidas kraftsystem

Framtidig energiberedskap stod også på agendaen. Endra presenterte B-READY-prosjektet, eit nasjonalt innovasjonsprosjekt for neste generasjons batterilagring.

Prosjektet er eit samarbeid mellom fleire aktørar i energibransjen og skal bidra til betre utnytting av fornybar energi. Gjennom batterilagringssystem kan energi lagrast når produksjonen er høg og frigjevast når behovet er størst. Dette kan gi betre nettstøtte, auka forsyningstryggleik og meir effektiv utnytting av straumnettet.

Deltakarane fekk også høyre om planane for Nesse Solkraftverk i Sveio. Anlegget er under bygging og er planlagt sett i drift i løpet av tredje kvartal 2027. Prosjektet kombinerer jordbruk og kraftproduksjon og er eit døme på korleis nye energiløysingar kan bidra til både lokal verdiskaping og styrkt energiberedskap.

Espen Nordtveit, prosjektutviklar og prosjektleiar i Endra

Samarbeid er nøkkelen

Den raude tråden gjennom heile frukostmøtet var at tryggleik og beredskap er eit felles ansvar. Enten det handlar om cyberangrep, straumforsyning eller klimarelaterte hendingar, krevst det samarbeid mellom næringsliv, offentlege aktørar og innbyggjarar for å styrkje samfunnstryggleiken.

Frukostmøtet synte at interessa for temaet er stor, og at arbeidet med beredskap og robustheit blir stadig viktigare i ei tid der både dei digitale og fysiske utfordringane er i rask endring.

Relaterte bedrifter