Tess Wärtsilä Partnershop markerte 10-års jubileum

bilde
Foto: Konsernsjef og gründer Erik Jølberg var imponert over lageret - og laget - på Rubbestadneset.

Nyleg feira Tess Wärtsilä Partnershop at dei runda dei ti første åra som faghandel i hjartet av industriklyngja i Rubbestadneset.

Dersom du kikkar opp til høgre ein augneblink (du skal halda låg fart når du køyrer her) når du er på veg mot parkeringsplassen ved Wärtsilä, ser du eit skilt det står Tess varelager på. Like ved sida er det eit anna skilt med Tess på. Innanfor dørene der finn me eit stort varelager med alt du kan tenkje deg av saker og ting som trengs til produksjon i industribedriftene våre, t.d. Wärtsilä, Olvondo, Los Marine.

-Ja, her er mykje forskjellig. Me har alt frå verneutstyr, slangar, festemateriell og mykje anna drift og vedlikehaldsprodukt som trengs i den daglege produksjonen til bedriftene her. Me tilpassar varelageret etter kva som trengs av kundane. Butikken er open frå 07.00-15.00, men produksjonen stansar ikkje då- difor har me gode løysingar for kundane slik at dei skal kunne hente ut varer når dei ynskjer. Me har automatar, skap og noko som kallast for «Tess-gate»- eit varelager der dei tilsette kan registrere vareuttak sjølv. Alle varene i gatane våre er merka med ein RFID-tag for at det skal verte registrert kva som er teke ut og av kven, fortel avdelingsleiar i Rubbestadneset Elisabeth Siggervåg Halonen. 

Det vanka både blomar, marsipankake og gode ord då dei første ti åra vart markerte. F.v. avtroppande Elisabeth Siggervåg Halonen, påtroppande Helene Lindskog, kunderettleiar Stine Grutle, kunderettleiar Jan Kristofer Oma, og Erlend Gjerdevik frå Tess Vest. Foto: Tess Vest.

Digitale og automatiske løysingar

Tidlegare vart alt registrert og delt ut manuelt, med dei nye løysingane går det meste automatisk og digitalt. Siggervåg Halonen opplyser vidare at dei har plassert ut varer i såkalla Tess-gates, eller mindre lokale som er tettare på sjølve arbeidsplassane. T.d. er det to slike lokale Tess-gates på Wärtsilä og ein inne hjå Los Marine, noko som gjer at delane er nærast mogeleg der ein har bruk for dei. 

- På Servogear er det plassert ut ein vare-automat, som liknar på ein brusautomat, der dei også registrerer seg med kort og tek ut det dei har bruk for. Ein av fordelane med dette systemet er at det er døgnope og tilgjengeleg heile året. Til dømes når det kjem farty inn på ugunstige tider og servicefolka har bruk for deler i ein fei, eller for reisereparatørar som også må ut i ein fart og må ha med deler. Tess sitt system gjer at ein kan jobba meir tidseffektivt, som igjen aukar lønsemda. Det har også vorte langt mindre svinn enn tidlegare, noko som også gjer at bedriftene sparar kostnadar.

Tess Wärtsilä Partnershop er ein del av Tess Vest. På kontoret i Rubbestadneset har dei fire tilsette som registrerar alt som skjer, og passar på å fylla på lagera kringom slik at delane  som trengs er tilgjengelege til ei kvar tid. Eit slags nav som sikrar at produksjonen i dei ulike bedriftene går friksjonsfritt. 

Tess Wärtsilä Partnershop hadde ein omsetnad på nær 14 millionar kroner i 2021, og er truleg på veg oppover i 2022. 

Avtroppande avdelingsleiar Elisabeth Siggervåg Halonen og kunderettleiar Stine Grutle var på plass då Bømlo næringsråd var innom nyleg. Foto: Randi Olsen⁠

Grunderverksemd

Tess vart starta som ei grunderbedrift i ein stall i Drammen av Erik Jølberg i 1968. Han overførte eigarskapen til ei stifting ved årsskiftet 2019. Selskapet er eit heileigd norsk selskap med 130 lokal servicesenter og 1100 tilsette. Dei omsette totalt for 3,3 milliardar kroner i 2020.

Grunder Erik Jølberg var sjølv til stades på 10-årsmarkringa. Elisabeth Siggervåg Halonen har vore avdelingsleiar i to og eit halvt år. Ho er no på veg over i anna stilling om kort tid, og Helene Lindskog tek over jobben som avdelingsleiar for Tess Wärtsilä Partnershop. 

Sjå alle nyhende