Stortingspolitikar fekk nært møte med havbruksnæringa på Bømlo
Korleis ser kvardagen ut i ei av landets største havbruksbedrifter? Det fekk stortingsrepresentant Anne Kristine Linnestad (H) svar på då ho besøkte Bremnes Seashore på Bømlo.
Gjennom ein innhaldsrik dag fekk Linnestadførst følgja verdikjeda i oppdrettsnæringa tett på. Besøket tok ho mellom anna til Bremnes Seashore sin lokalitet utanfor Melingsvågen der ho fekk vitja eit oppdrettsanlegg så videre til deira produksjonsanlegg i Øklandsvågen, der ho fekk sjå korleis fisken blir produsert og vidareforedla og klargjort for eksport.
Samtidig fekk ho ei innføring i utfordringane næringa står overfor. Frå Bremnes Seashore vart det peika på kor viktig føreseielege rammevilkår er for vidare vekst og utvikling. Regelverk, tilgang på kraft og behovet for teknologisk utvikling var blant tema som vart
løfta fram.
Linnestad understreka verdien av å besøka verksemder og møta folk som står midt i næringa til dagleg.
Skal ein utforma god politikk, må ein forstå korleis avgjerdene slår ut i praksis. Det er nyttig å få sjå både moglegheitene og utfordringane på nært hald, sa ho under besøket.
For Bremnes Seashore er slike besøk viktige for å synleggjera kva som ligg bak arbeidsplassane og verdiskapinga langs kysten. Bedrifta peika særleg på korleis teknologi, kompetanse og langsiktige rammevilkår blir avgjerande for å utvikla norsk havbruk vidare.
Besøket gav dermed stortingsrepresentanten eit nært møte med ei næring som skaper store verdiar for kystsamfunn over heile landet, og som samstundes er avhengig av politiske avgjerder som legg til rette for vidare vekst og utvikling.
Foto; BN Fra v Styreleiar i Stord Næringsråd Liv Kari Eskeland saman med stortingsrepresentant Anne Karin Linnestad(H).
Relaterte bedrifter