Stor dag for Sunnhordland og Stord Lufthavn

bilde
Foto: Stord Lufthamn

Staten kunngjorde i dag at flyruta Stord-Oslo (og heim igjen) vert inkludert i dei statlege kjøpa av flyruter frå og med 1. april 2024. Lufthamnselskapet feira dagen med kaffi og kaker og flagget gjekk til topps.

Statssekretær Jakob Bjelland (Sp) kunngjorde på ein pressekonferanse på Stord lufthamn i dag det glade budskapet. Flyruta skal ha minimum 12 rotasjonar pr. veke, og anbodet gjeld i fire år.

Å vere del av FOT-ordninga vil gje Sunnhordland eit stabilt og godt rutetilbod til og frå hovudstaden i åra framover, noko som er viktig for regionen vår og for næringslivet vårt.

Bømlo Næringsråd takkar alle som har jobba på for å sikre eit slikt tilbod til Sunnhordland, og ikkje minst gjengen på Stord Lufhavn som leverer flyplasstenester med topp kvalitet.

Sjå alle nyhende