STÅVO- jaktar nye lokaler
STÅVO er på jakt etter nye tenlege lokaler
Ståvo har flytta ut av sine lokaler i Bømlo Storsenter
senter og inn i midlertidige lokaler. Nå skal der byggast nytt kontorfellesskap og Ståvo treng nye og meir høvelege lokaler som passar for ca 30-40 born i ulik
alder, fortel styreleiar Torbjørn Aga Gjøen og dagleg leiar i Ståvo, Trine Blåsternes Larsen.
Ståvo er eit viktig alternativ til born i skulealder,ja
heilt opp til videregåande, det er ikkje alle som er like glad i å drive med idrett fortel Gjøen og Blåsternes.
Torbjørn og Trine er opptekne av at STÅVO framleis skal gje eit godt tilbod til ungane på Bømlo.
Bømlo Makerspace vart starta av Torbjørn Aga Gjøen og kona Irlin Mjånes Gjøen i 2021. Tanken var å lage ein plass der folk i alle aldrar kunne koma og ta del i eit kreativt fellesskap. Me ville at folk skulle ha tilgong til verktøy og utstyr, lære av kvarandre, og vera med å halde liv i gamle handtverktradisjonar samt nye digitale verktøy som 3D printerar og laserkuttera.Me prøvde å få i gang noko, men fekk lite respons fra lokalt næringsliv og kommunen, fortel Torbjørn. Eg kom i kontakt med Nina Ingvaldsen og ho tipsa meg om Tor Gjøsæter og Frode Meling, som og hadde tenkt i samme banar om å opprette noko liknande.
Ståvo vart oppretta i slutten av august 2022. I 2023 flytta me inn i det gamle biblioteket i Bømlo Storsenter, og fekk driftsmidlar fra Bremnes Seashore i ett år med leige. I slutten av samme året hadde me eit opplegg i samarbeid med VilVite, retta mot barnehage
ungar, 5. klassingar og 8. klassingar og VG1-elevar på studiespesialiserande,fortel Torbjørn.Våren 2024 starta Ståvo med sine første temabaserte opplegg
med Lego Design og Omsaum. Prosjekta går over eit halvår. Ståvo har klart seg til no på midlar fra Finnås Kraftlag, Bremnes Seashore og Sparebanken Vest.
Me meinar at Ståvo er eit godt alternativt fritidstilbod til
idrett og anna sport, men for å drive optimalt treng me nye lokaler, helst
sentrumsnært, fortel Blåsternes.
Deira store draum er å få til eit tradisjonelt
skaparverkstad. No håpar dei at det er nokon som har formålstenlige lokaler tilrimelig til leige i sentrum, dei håpar også at fleire bedrifter kan vera med å sponse
aktivitetane deiras.