Sommar i næringslivet
Gjennom sommaren besøker vi ulike verksemder for å få innsikt i korleis
sommardrifta fungerer, korleis turisme påverkar kvardagen, og kva som særpregar
sommarsesongen lokalt. Første stopp er Sikje Småbruk, Såpehuset og Gullsmio i
sentrum av Svortland.
Berekraftige og økologiske tilbod
Lilly Grønås står bak Såpehuset, der ho tilbyr handlaga såper og velværeprodukt
med fokus på kvalitet og naturlege råvarer. For henne er det viktig å vite kva
produkta inneheld, og at dei ikkje inneheld noko skadeleg eller unødvendig.
Dette var ein av grunnane til at ho byrja å lage eigne produkt.
Lilly Grønås innehavar av Såpehuset, i passiar med ein kunde.
Gina Digernes og Sikje Småbruk satsar på dyrking av økologiske urter og grønsaker, og saman med familien driv Gina òg garden på Bråtaneset med ein flokk høylandsfe.
Butikken hennar har blitt eit samlingspunkt for dei som ønskjer rein og ekte mat, med økologiske produkt, lite prosessering og sterkt fokus på miljø, mellom anna gjennom kjemikaliefri vask og minst mogleg plastemballasje.
Hos Gullsmio møter vi Astrid Farestveit Gane. Ho lagar og sel eigne smykke i gull og sølv, i tillegg til reparasjonar og spesialbestillingar, og er kjend for å kombinere tradisjonelt handverk med personlege løysingar til kundane. Gullsmio har òg blitt ein viktig fagbutikk ilokalsamfunnet, og er den einaste gullsmeden i mils omkrets.
Går du med ein draum å få lage deg eit unikt smykke, eller ein spesiell ring, er gullsmeden vår Astrid den rette for å hjelpe deg.
Endringar i kundegrunnlaget
Alle tre verksemdene merkar at kundegrunnlaget endrar seg når sommaren kjem.
Dei lokale kundane er framleis innom, men ofte i eit rolegare tempo prega av
ferie. Samstundes aukar talet på tilreisande, med besøk frå ulike delar av
landet som legg ferien sin til Bømlo.
Hos Såpehuset fortel Lilly at mange av dei tilreisande er attkjennande frå
tidlegare somrar, noko som gir rom for gode samtalar og høve til å vise fram
nye produkt. Hos Sikje Småbruk er det særleg dei handlaga og eigenproduserte
varene som trekkjer turistar, medan etterspurnaden frå lokale kan vere noko
lågare i ferietida. Produksjonen går likevel jamt gjennom sommaren, mellom anna
i samarbeid med nisjebutikken Reindyrka i Bergen, eit samarbeid som har vart i
over femten år.
Stabil drift med sommarbemanning
Opningstidene held seg i stor grad stabile gjennom sommaren, men det er ofte
nye, om enn kjende, ansikt i butikkane. Hos Såpehuset bidreg Isabella og
Elisabeth som sommarhjelper og har blitt godt kjende blant kundane. Hos Gullsmio stiller ei venninne av Astrid opp som ferievikar i ein kort periode, slik at Astrid får ein velfortent pause. Når Gina hos Sikje Småbruk er på ferie, er det mora hennar, Tove Britt, som du treff på i butikken.
Tove Digernes steppar inn for dottera Gina når ho ikkje har tid, her viser ho fram det rikoldige vareutvalet.
Ein annleis arbeidskvardag
Sommaren gir ein noko annleis arbeidskvardag for verksemdene. Hos Sikje Småbruk
blir det trekt fram at det er positivt å kunne arbeide meir ute i godt vêr og sjå resultatet av arbeidet frå våren. Hos Såpehuset er det møtet med kundane som er det dei sett mest pris på om sommaren, med gode samtalar og nye relasjonar. Gullsmio peikar på verdien av å møte både faste kundar og nye besøkande gjennom sesongen.
Lokale anbefalingar
På spørsmål om kva ein bør oppleve på Bømlo om sommaren, peikar alle tre på
naturen som den viktigaste attraksjonen. Geoparken, gruveløypene, Espevær og
Siggjo blir spesielt nemnde, i tillegg til moglegheitene skjergarden gir for
aktivitetar som båt, fiske og padling.
Sommarsesongen er ei viktig tid for lokalt næringsliv på Bømlo, med auka aktivitet og eit
breiare kundegrunnlag. For verksemdene i sentrum inneber dette både stabil drift og tilpassing til nye behov. Samstundes gir sommaren ei god moglegheit til å synleggjere det lokale tilbodet for både fastbuande og tilreisande.
Er du på leit etter ei unik gåve, eller ønskjer du deg noko fint til deg sjølv i sommar,
er det vel verdt å ta turen innom sentrum på Svortland, her finn du heilt sikkert noko som passar.
Relaterte bedrifter