I 28 år har han styrt Bømlo Folkehøgskule

bilde
Foto: Ein engasjert rektor viser oss rundt på området, som er svært godt vedlikehaldt

Bømlo Næringsråd er invitert til Bømlo Folkehøgskule for å få orientering om drift og om planer for framtida. Rektor Magne Flokenes tek imot, i 28 år har han styrt Bømlo Folkehøgskule, det er ikkje få elevar han har hatt ansvaret for desse åra. Kva er det som gjer at ein vert så glad i jobben sin at ein orkar å stå i 28 år, spør me? Magne Flokenes fortel om opp og nedturar i alle desse åra, han er levande engasjert i ungdom og i skulen, og er heilt overtydd om at eit år på folkehøgskule er noko alle burde ha. Dette året har vært tøft for skulen med mindre elevtal, men fra hausten av planlegg han for 60 elevar, basert på inkomne søknadar. Det er hard konkurranse mellom folkehøgskulane, kunsten er å kunne tilby attraktive linjer.

Komande år tilbyr ein fire linjer: Fokus Afrika, Friluftsliv, Mat og Barista og Tropisk Backpacking. Det er ein stolt rektor som viser BN rundt på det flotte området. - Me har plass til 93 elevar, det betyr at me har ein del ledig overnattingskapasitet til hausten, og kan ta imot overnatting. Me tilbyr langtidsleige og kortidsleige, så dette bør være attraktivt for bedrifter som treng overnatting til sine tilsette. Det er berre å ta kontakt, seier Magne Flokenes.

I sommar er det full aktivitet på Bømlo Folkehøgskule med ein sommarleir for barn og to ferieopphald for vaksne.

Me har snakka med Ulvar Akselsen som skal arbeide som feriesjef for dei vaksne i år. Dette er fjerde sommaren han arbeider på Bømlo Folkehøgskule, og han har ansvaret for 29 tilsette i fire veker. I tillegg er Marie Holmgård Martinsen leirsjef med ansvar for 10 tilsette på sommarleir for barn.

Ulvar Akselsen gler seg til fire veker som feriesjef for vaksne.

Bømlo Folkehøgskule er ein viktig aktør for Bømlo og for å vise fram Bømlasamfunnet. Me ynskjer dei lukke til med alle deira aktiviteter det komande året.

Sjå alle nyhende