Reiselivssamling i Moster Amfi 04. november 2025

bilde
Foto: Deltakerane på reiselivssamliinga i Moster Amfi

Rapport frå reiselivssamlinga på Moster.

Det spirer og gror i reiselivet på Bømlo. På samlinga i Moster Amfi 4. november møttest aktørar frå heile kommunen, samt to stk.

frå Visit Sunnhordland for å dele erfaringar, knyte kontaktar og få inspirasjon til vidare utvikling. Her var det både optimisme, pågangsmot – og nokre utfordringar som må løysast.

Lunsj i kafeen i Moster Amfi.

Fullbooka sesong og tyskarar i flokk

Fjordtun AS melder om eit godt år og nesten fullbooka sesong for neste år. Dei har allereie byrja å fylle opp skuldersesongen for 2026. Med ti rorbuer fordelt på tre lokasjonar og 20 båtar til utleige, er det særleg tyskarar som finn vegen hit.

Kulleseidkanalen Gjestehamn har satsa stort, med 17 nye hotelhytter og ein ny båt for utflukter med passasjersertifikat for 12 pers. Nå satsar dei også på å levere frukost til hotellhyttene. Kulleseidkanalen har plass til 40 båtar og 60 bubilar, og kafeen med søndagsbuffé er populær året rundt. Dei har hatt fleire vellukka arrangement som Ankerfest, Kystsogedagar, bryllup og arrangement for bedriftar. No er julebordsesongen i full gong.

Lokal historie og ekte opplevingar

Gullvegen Gardstun på Lykling har hatt eit godt år, mykje takka vere dei populære stormhyttene og plasseringa midt i geoparklandskapet. Dei ønskjer å utvide, men møter førebels motstand frå kommunen. På Espevær held Baadehuset fram med å ta imot grupper og skuleklassar i det gamle handelshuset frå 1600-talet, medan Hummerparken – også på Espevær – held koken med dugnadsdrift og stabilt besøkstal. Desse to attraksjonane held opent i skuleferien ellers i året for grupper som ynskjer omvisning.

I Brandasund er det full fart med ribbturar, båtutleige og turar til Slåtterøy fyr. Brandasund Kultur & Fritid har i tillegg fått nytt flytebryggeanlegg og tilbyr bubilparkering. Mange turistar tek også turen innom A.L. Waage Landhandel og den historiske butikken Nillo på Skjeret.

Kultur, kafé og kunnskap

Moster Amfi – og kyrkjehistoriske senter har hatt eit aktivt år med både norske turistar, skuleklassar og cruisepassasjerar. Moster Amfi har to faste utstillingar, Frå heidendom til Kristendom og Frå makt til rett-kven har makt? samt utstilling for Geopark Sunnhordland. Kafén er open nesten kvar dag og avsluttar året med julemarknad. Langevåg Bygdatun driv både kafe, catering, båthamn og arrangement, heile året. Bygdatunet har også har ansvaret for MS Gåpå og Langevåg idrettsbygg. På Langevåg ligg det eit uforløyst potensial i historia frå Sokkamyra som ein ønskjer og håpar å få løfte fram.

Visit Sunnhordland

Visit Sunnhordland jobbar aktivt med å marknadsføre regionen, både gjennom visningsturar, kampanjar og samarbeid med Visit Norway. Dei ser ein auke i cruiseturistar og amerikanarar, medan talet på tyske gjester har gått litt ned. Mange nordmenn finn også vegen til Sunnhordland og Bømlo. Nye kart fra Sunnhordland er på veg, og aktørane blir oppmoda om å sende inn oppdatert informasjon. Ny kommunikasjonsrådgjevar hjelper gjerne til med bilete og synleggjering i sosiale medium.

Geopark Sunnhordland, som fekk Unesco-status i 2023, har utvikla læremiddel for skular og har ein digital guide med kart og overnattingsstadar. På nettsida finn ein også ein chatteteneste som svarar på det meste.

Samarbeid og synlegheit

Turistinformasjonen i Bømlo kommune, lokalisert i kulturhuset, får mange spørsmål frå bubilturistar som ønskjer lokale opplevingar. Dei oppmodar aktørane til å ta kontakt slik at tilboda kan formidlast vidare. Det vart også diskutert korleis ein kan vidareutvikle nettsida Opplev Bømlo, og kven som skal ta ansvar for vedlikehald og kostnader.

Neste stopp: Kulleseidkanalen

Deet skjer mykje i kommunen vår nye investeringar planlegges, med meir samarbeid og engasjement frå både små og store aktørar, ligg alt til rette for at Bømlo held fram med å vere ein attraktiv og levande destinasjon – både for dei som kjem langvegs frå, og for dei som bur rett rundt svingen. Me har eit stort potensiale for å hente dagsturistar fra nabokommunane.

Neste reiselivssamling er sett til tysdag 3. mars på Kulleseidkanalen Gjestehamn.

Sjå alle nyhende